STATUS pr. 13.12.2021

Pr. 13.12  er det 5 personar med påvist smitte i Valle kommune.

To i barnehagen har testa positivt på hurtigtest. Desse to er heime. Tilsette og barn i barnehagen blir difor testa denne veka.

Det er også to andre som har testa postitivt sist veke som allereide var i karantene. Nærkontakter er kontakta.

Pleie og omsorg er no ferdige med testinga både på bebuarane og tilsette etter at to tilsette testa postitivt for godt og vel ei veke sidan.

Kriseleiinga oppmoder innbyggjarane om å bruke munnbind innandørs der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand.

HUGS – Hald deg heime om du er sjuk og ha låg terskel for å teste deg dersom ein får symptom.

Valle kommune følgjer nasjonale retningsliner og har pr. dd ikkje eigne forskrifter.

STATUS pr. 08.12.2021

Pr no er det påvist smitte hjå to innbyggjarar i Valle kommune. Alle nærkontakter er kontakta og dei følgjer nasjonale retningsliner.

For resten av innbyggjarane er det ingen lokale tiltak ut over dei nasjonale retningslinene som trer i kraft ved midnatt. (sjå under)

Dersom du blir definert som nærkontakt til ein smitta vil du bli kontakta av smittesporingsteamet. 


Dei viktigaste reglane for folk flest er:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand innandørs.
  • Ha så få nærkontakter som mogleg, men ikkje isoler deg
  • Ha låg terskel for testing ved symptom. 

 

Ein vil oppmode alle som var på Sølvgarden hotell og feriesenter laurdag 4. desember om å ha ekstra låg terskel til å teste seg ved symptom.

Vi oppmoder samstundes sterkt innbyggjarane til å la seg vaksinere.

 

Dersom nokon har spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt med meg.

 

Helsing Benedicte Severinsen

Kommuneoverlege Valle - telefon: 90 20 51 52

Nye nasjonale retningsliner som gjeld frå 24.00 natt til torsdag 09.12.2021

Avstand og sosial kontakt

  • Hald 1 meter avstand til andre enn husstandmedlemmer og tilsvarande nære. Meteren gjeld ikkje barn i barnehagar og barneskular. Det er også unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn, unge og sårbare grupper
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjestar heime ut  over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjestar ei gong i løpet av jole- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meter avstand mellom gjestene
  • Ha så få nærkontakter som mogleg, men ikkje isoler deg
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig tilrådd tal på gjester
  • Treff andre utandørs når det er mogleg

Organiserte fritidsaktivitetar

  • Fritidsaktivitetar bør bli gjennomførte utandørs så langt det er mogleg, og garderobar bør haldast stengt
  • Ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs er det tilrådd at vaksne over 20 år er i grupper på inntil 20 personar. Vidare er det tilrådd at vaksne innandørs held avstand der det er mogleg for å utøve aktiviteten, og at ein held ein avstand på 2 meter ved høgintensiv trening
  • Ein gjev ikkje konkret tilråding om avstand og tall når barn og unge under 20 år trenar og deltek på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar
  • Toppidrett kan bli gjennomført som normalt

 

Skular, barnehagar og SFO

  • Jamnleg testing i skular med høgt smittetrykk
  • Kommunane skal ved behov ta i bruk trafikkljosmodellen i skular og barnehagar. Utgangspunktet er grønt nivå, med mindre noko anna blir avgjort lokalt
  • Ein kan arrangere samankomster for barn i barnehage eller barneskule med heile klassar/avdelingar/grupper med naudsynt tal på vaksne til stades
  • Universitet, høgskular og fagskular bør så raskt som praktisk mogleg innføre undervisning i mindre grupper og meir digital undervisning. Studentar som er avhengige av å gjennomføre forsøk i laboratorie eller ferdigheitstrening, bør prioriterast for fysisk undervisning
  • Universitet, høgskular og fagskular bør legge til rette for eksamen og obligatoriske kurs, anten digitalt eller fysisk der det er praktisk mogleg med godt smittevern. Det samme gjeld for andre utdanningsinstitusjonar for vaksne

Arbeidsliv

  • Tilråding om 1 meter avstand og auka bruk av heimekontor
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skilleveggar eller liknande
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge

Lufting

  • Ein tilrår god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i samme rom over tid med personar som ikkje er hustandsmedlemmer og tilsvarande nære

 

Forskriftsfesta tiltak

 

Arrangement og samankomstar

  • Maksimalt 20 personar på privat samankomst på offentleg stad, i lånte eller leigde lokale
  • Minnestundar etter gravferder og bisettelsar kan ha maksimalt 50 personar. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement med faste tilviste sitteplassar
  • 3 x kohorter av 200 personar med 2 meter avstand mellom kohortane heile tida på offentlige arrangement med faste tilviste sitteplassar
  • Maksimalt 50 personar på offentlege arrangement utan faste tilviste sitteplassar
  • Ved innandørs arrangement skal det peikast ut ein arrangør som skal ha oversikt over kven som er til stades og gjennomføringa skal være smittevernfagleg forsvarleg
  • Skjenkestopp klokka 24:00 på arrangement med skjenkeløyve
  • Arrangøren skal sørge for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunne halde minst 1 meters avstand til andre som ikkje er i samme husstand eller er tilsvarande nært. Ein gjer unntak for fleire grupper, bl.a. for utøverarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i samme kohort i barnehage eller barneskule
  • På arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på samme seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå samme husstand kan sette seg nærare kvarandre etter ankomst.

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringssstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meters avstand mellom sitteplassane når gjestane kjem, likevel slik at personar i samme husstand eller tilsvarende nære kan sette seg nærare kvarandre
  • Serveringsstader med skjenkeløyve skal ha sitteplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden
  • Alkohol kan kun serverast ved borda
  • Skjenkestopp klokka 24.00
  • Serveringsstaden  skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det
  • Smittevernfagleg forsvarleg drift
  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skular og annan opplærings- og utdanningsverksemd. Kommunene skal igjen ta i bruk trafikkljomodellen. Tiltaksnivået er grønt med mindre det blir avgjort noko anna  lokalt. Det kan bli aktuelt å  sette alle barnehagar og skuler i landet på gult nivå
  • Følgjande verksemder skal drivast smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, fornøyelsesparkar, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, bingohallar, spelehallar, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombels marknader og liknande
  • Dette inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i samme husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeida rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting
  • Med unntak av bibliotek, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det
  • Bransjerettleiarar bør bli innførte att for bl.a. treningssenter og svømmehallar

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld også for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar
  • Munnbindpåbod gjeld også hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemd.
  • Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samstundes med mange andre eller på veg ut av ein fotballstadion.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgjevar skal legge til rette for heimekontor der det er mogleg utan at det går ut over tenester som krev at ein er til stades og som er viktig og naudsynt for verksemda, til dømes for å ivareta barn og sårbare grupper
  • Karantene
  • Karanteneplikt for nærkontakter med ein stadfesta smitta der det er mistanke om omikron, blir utvida til også å gjelde øvrige nærkontakter, ikkje bare husstandsmedlemmer og tilsvarande nære