Valle kommune tilrår sterkt at alle innbyggarar og hytteeigarar set seg godt inn i dei nasjonale reglane og oppmodingane som no gjeld frå 16.04.2021 som du finn her.

Valle kommune har ikkje eigne lokale reglar. 

 

 

 

Vi uthevar dei viktigaste punkta her:

-Valle kommune tilrår alle å lasta ned smittestopp appen

- Bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand innandørs

- Hald ein meter avstand til andre der det er mogleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine

- Husstanden bør ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester samtidig i hus, leilegheit, hytte eller utandørs i hage eller på uteplass. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand (f. eks. to foreldre og fire barn) kan ein vere fleire, men ein må kunna halda avstand.

- Ha få kontaktar og dei same over tid. 

- Kjem du frå eit område med høg smitte, bør du ikkje overnatte på hotell eller tilsvarande overnattingsstader i Valle

- Viss du bur på ein stad der kommunen ikkje tilrår besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk dersom du oppheld deg i Valle

- Hald deg heime viss du er i karantene eller ventar svar på koronatest

- Hald deg heime viss du ikkje er frisk og test deg ved minste mistanke. Då tar du kontakt med Valle legekontor på telefon 37 93 75 40 på dagtid på kvardagar. Etter åpningstid kontaktast legevakta på telefon 116117 ved behov.

- Dersom du testar positivt eller blir sett i nærkontaktkarantene medan du er på hytta, skal du reisa heim til kommunen du kjem frå

- Barn kan vere saman med kohortane sine som normalt, også innandørs

- Det vert tilrådd at arbeidsgjevar sørger for at tilsette jobber heimefrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg.

- Det er frå 16.04. lov med organisert trening med inntil 10 personar – det er vilkår om at det er ein arrangør som har ansvar for smittevern.

- Møykeromet er ope som normalt

- Svømmehallen kan halde ope dersom det vert drive smittevernfagleg forsvarleg. 

 

Ved tvil er du velkomen til å ta kontakt med kommuneoverlegen på e-post:

benedicte.severinsen@bykle.kommune.no