Skule og barnehage

Vi er godt i gong med å førebu oppstart av barnehage, skule og SFO. 

Barnehagane opnar 20. april i tråd med nasjonale føringar. Skulen med 1-4 trinn og SFO startar opp igjen 27. april.  

Nasjonal smitteverns rettleiar er konkret og  godt verktøy for kommunen.

Kultur - aktivitet/ arrangement

Valle kommune forhold seg til nasjonale føringar om forbod mot kultur- og idretts- og andre arrangementet som ikkje ivareta grunnleggjande krav til smittevern fram til 15. juni.  

Kommunale formålsbygg som er stengt.

Kyrkjestoga er open så lenge ein forhald seg til maks 5 pers og 2 meters avstand.

17. mai i Valle kommune blir annleis i år

17 mai i Valle kommune blir annleis i år, og kan ikkje gjennomførast på tradisjonell måte.

Kriseleiinga har bedt 17- mai nemnda om å organisere tilpassande arrangement etter gjeldande smittevern- restriksjonar.
Helsedirektoratet har gitt foreløpige retningsline for 17 mai 2020, fram til 4. mai når endelig veileder kjem.

Førespurnad frå Brokke Alpinsenter

Førespurnad frå Brokke Alpinsenter om opning av skiløyper og alpinbakke når hytteforbodet blir oppheva 20 april.

Kriseleiinga har ingen innvendingar om opning av løyper og alpinbakke etter 20 april. Oppmodar om at nasjonale smittevernreglar blir fylgt.
Kommunelegen gir tilbakemelding.

Oppheving av hytteforbod

Hytteforbodet blei oppheva 20 april.
Kommunen iverksette ikkje eige tiltak i kommunen, men vil oppmode hyttbuarar om å forhold seg til  dei nasjonale føringar for smittevern.

Anna

  • Helsetenesta må oppfylle dei pasientrettighetene som er satt på vent. Planlegg oppstart fysioterapi.

Kommunen vil prioriterer lovpålagte oppgåver.