Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Lege prøvetaking

Orientering om koronaviruset - oppdatert 29.05.2020 kl. 12:38

Her finn du all info som er knytta til situasjonen med koronaviruset i kommunen

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 02.04.202. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn at vi har bestilt smittevernutstyr til å ha på lager som blir levert truleg før påske. Kriseleiinga er i beredskap gjennom påska om det skulle skje endringar.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen gjeld førebels fram til måndag 13.04.2020. Ny oppdatering frå regjeringa er signalisert skal kome 08.04.2020 og vi avventer situasjonen til då.

Fylkesmannen i Agder presiserer at både bubilar og campingvogner er å sjå på som "hytte". Det er difor ikkje høve til å opphalde seg i desse utafor eigen kommunegrense.
Valle kommune oppmodar alle om å repektere dei nasjonale retningslinene!

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Nyttig informasjon frå myndigheitene

Ein oppmodar folk å gå inn på Folkehelseinstituttet eller Helsenorge sine nettsider dagleg då det er her du vil finne oppdatert informasjon.

FOLKEHELSEINSTITUTTET     HELSENORGE 

Her finn du også ein fin videosnutt for å lære litt om koronaviruset - FILM OM KORONA

Kva gjer vi i Valle kommune?

Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Informasjon til foreldre av kulturskuleelevar

Som de alle er klar over er det slik at vi i perioden som kjem ikkje kan ha ordinær undervising i Valle kulturskule. Men vi er innstilte på at elevane skal få den opplæringa dei har krav på. Vi vil gjerne bidra til at barn og unge framleis skal ha ein god rytme i kvardagen sin, og ser det som viktig å halde i gang våre aktivitetar.

Lærar vil kontakte dykk for å avtale korleis opplæringa kan gå føre seg. Standard kommunikasjonsverktøy vil i første omgang vere Facetime via messenger. Så vil vi etter kvart vurdere om det er andre kanalar som eignar seg betre, eller lærar avtaler med dykk kva som passar best for kvar enkelt.

Måndag 16.03.

Kriseleiinga har i dag hatt statusmøte. Det vert jobba kontinuerleg med beredskap, tiltak, informasjon og overvaking av situasjonen som er knytt til utbrotet av koronaviruset.

Kommunen endrar tiltak i samsvar med det som regjeringa til ei kvar tid bestemmer.

Det er viktig at alle bidreg til den felles dugnaden som krevjast for å avgrense smitte og at vi alle respekterer dei råda som helsemyndigheitene har kome med og som kjem i tida framover.

Særskilt for hyttebebuarar som ikkje bur i kommunen

Valle kommune set veldig pris på kvar og ein hyttebebuar, men i denne tida vi no står i ber vi om at de respekterer nasjonale føringar og held dykk i heimkommunen. Så ser vi veldig fram til å sjå dykk att i bygda når ting normaliserer seg att

Nye tiltak

Vi har valgt å avlyse alle politiske møter, også det årlege påskemøtet med hyttebebuarane.

Kommunehuset bli stengt frå og med i dag. Du får kontakt med oss på telefon eller e-post post@valle.kommune.no . Telefontida vil i tida frametter bli utvida slik at du vil nå oss på 37937500 kvardagar mellom kl. 08.00 – 15.00. Dei fleste sakshandsamarar har heimekontor, men vil vere å treffe på telefon.

Pr. i dag er det ikkje påvist sjuke eller smitta i valle kommune. For å kunne halde statistikken slik vurderer vi tiltak som å avgrense sosiale samlingar med grupper på maks 5-10 personar, dette vil vi kome attende til. 

Anna

Det er gjort endringar i oversikta over dei som har samfunnskritiske oppgåver og som har krav på pass til borna i barnehage og skule. Det er framleis slik at dersom ein føresett kan vere heime, skal borna vere heime.

Sjå desse linkane: https://www.regjeringen.no/…/disse-ansatte-i-kri…/id2693623/
https://www.regjeringen.no/contentassets/d510013361654fcabcb7e025f439eb19/personell_i_kritiske_samfunnsfunksjoner_16.03.2020.pdf

I tillegg gjeld dette føresette frå det tidspunkt den/dei vert kalla inn til sivilforsvaret.

 

Dersom du trur du er smitta – ring legekontoret. Har du behov for akutt legehjelp og ikkje kjem i kontakt med legekontoret skal du ringe legevakta på telefon 116 117.

Vi oppmoder folk om å syte for god håndhygiene og gode hostevanar for å ikkje spreie smitte. Sjå meir her: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/rad-og-informajon-til-befolkningen-om-nytt-koronavirus-coronavirus-2019-nco/

Fredag 13.03.

Valle kommune er i beredskap i høve koronasmitte. Vi er eit lite og sårbart lokalsamfunn, og har avgrensa ressursar ved ev utbrot. Difor innfører vi fortløpande restriksjonar for å avgrense smittefaren og faren for utbrot i befolkninga. Som de er kjent med er det per no innført restriksjonar i høve besøk på institusjonar, for sosiale møtestader og arrangement og offentlege bygg er stengt f.o.m i dag.

Vedtak:
I medhald av råd frå helsestyresmaktene om å iverksette naudsynte tiltak etter nærare vurdering i den einskilde kommune, og med heimel § 4-1 i Smittevernlova finn vi at det er naudsynt å stenge Brokke Alpinsenter - då vi vurderer at samling av mange unge, og kontaktflata dei representerer aukar faren for smitte og ev overføring av covid-19, som gjer at kommuneoverlegen vurder risikoen for smitteutbrot som stor.

Kommuneoverlegen ber leiinga ved Brokke alpinsenter iverksette stenging med umiddelbar verknad. Stenginga vil i første omgang gjelde til 26.mars 2020, men dette kan bli forlenget viss forholda tilseier det.

Eg er leie for ulempene dette vil medføre

Mvh Hallvard Mosdøl, kommuneoverlege Valle kommune

 

 

Torsdag 12.03.

Helsedirektoratet har gjort vedtak om at alle skular og barnehagar i heile landet skal stengjast frå og med i dag 12.03.kl. 18.00 og førebels fram til 26.03.  Valle kommune vil i hht nasjonale føringar gje kritisk personell (t.d helsepersonell) tilbod i barnehage og skule/SFO.

Kulturarrangement, idrettsarrangement og verksemder som tilbyr frisør, hudpleie, massasje, kroppspleie forbys.

Kommunen har etablert kriseleiing i dag torsdag 12.03.2020. Valle kommune jobber med tiltak i samtlege avdelingar for å vere minst mogleg sårbare.

Instruks for bruk av heimekontor mm

Vi iverksett instruks for bruk av heimekontor, fleksitid, gjennomføring av arrangement/møte og tenestereise for Valle kommune som tiltak frå 13 mars

 

Kontakt til kommunen

Ein oppmoder publikum om å ta kontakt med oss i kommunen via telefon eller e-post. Sentralbordet blir i perioden 13.03 fram til 26.03 ope i tida 07.30– 15.00. Telefonnummer til kommunen er 37937500 ellers finn du telefonnummer til dei fleste sakshandsamarar mm HER

STENGTE BYGG

Som eit tiltak for å redusere smittefaren har rådmann og kommuneoverlege/smittevernlege bestemt å stenge Sæbyggjen, Vallehalli/kultursenteret inkl. symjehallen og møykjerommet.  Dette inneber at det ikkje vert noko aktivetet i høve verken ungdomsklubb/juniorklubb, kulturskule mm. Faste tilbod i regi av kommunen i desse lokala er avlyst inntil vidare.

Det er berre sjølve biblioteket som er stengt i tillegg til hallen og bassenget (heile kultursenteret). Kyrkjestoga og soknehuset er ope for møteverksemd, og det er opp til arrangørar om dei vil gjennomføre det som er planlagt. Ein gjer merksam på at det er restriksjonar i høve større arrangement med meir enn 50-100 deltakarar.

 

Skule og barnehagar er også stengt frå og med 12.03. kl. 18.00 fram til 26.03.2020.

 

 

Restriksjonar

Reiserestriksjonar, karantene/isolering - dette gjeld no!

Bli heime!

Helsedirektoratet har kome med nye restriksjonar. Desse vil gjelde i tillegg til restriksjonane som er fastsett av Valle kommune.

Helsedirektoratet 

  • Alle som kjem til Norge etter reise utanom Norden blir ilagt karantene (isolering) i 14 dagar etter ankomst
  • Alle som kjem til Norge etter reise utanom Norden blir ilagt karantene (isolering)ved symptom ved symptom som forkjøling, feber og /eller tungpustaheit. Isoleringa varer i minst 7 dager etter symptomfriheit.
  • Restriksjonane gjeld og reisande til Norge via Nordiske land, etter opphald utanfor Norden.
  • Reisande som om ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.
  • Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transprot.
  • Fører og personell av vare- og passasjertransport blir unnateke. Dette omfattar og personell som er naudsynte for å gjennomføre transporten. 
  • Leiinga av verksemder blir gitt adgang til å gjere unntak for eige nøkkelperosnell når det er streng naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.
  • Vedtaket har verknad frå 27.feb og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Valle kommune, helserestriksjonar reise – tilsette og innbyggjarar:

  • Generelt blir alle innbyggjarar oppmoda til å unngå reiseaktivitet i jobb og fritid for å avgrense smittetrykket.
  • Alle innbyggjarar som har vore utanlands skal rett i heimekarantene i 14 dagar - Dette gjeld med tilbakeverkande kraft.
  • Helsepersonell har reiseforbod ut av landet –førebels gjeld dette ut april.
  • Helsepersonell/ disponibelt helsepersonell og operatørar innanfor vass- og avløpsforsyning blir sterkt oppfordra til å halde seg innafor kommunen sine grenser, både med tanke på smittefare og ev tilkallingsbehov.

SMITTEVERNRUTINAR

På grunn av aukande nasjonal risiko for koronasmitte, vil vi oppmode om gode førebyggjande smittevernrutinar.

Viss du som er pårørande/besøkande har vore i område med koronasmitte, så vil vi be om at du ikkje kjem inn på Valle Bygdeheim.

 

Mistanke om smitte.

Har du vore i område med koronasmitte og i tillegg får symptom som feber, hoste og /eller pustevanskar, bør du straks kontakte lege eller legevakt på telefon.

379 37 540 / 116 117

 

NB: Det er viktig at du ringer legen før du oppsøkjer hjelp.

Helsing Kommuneoverlege og Leiar Pleie og Omsorg.

ARRANGEMENT

Valle kommune tilrår på generelt grunnlag at større arrangement og samankomster ikkje blir haldne i noverande situasjon. Og Helsedirektoratet har no bestemt at alle kulturarrangement og idrettsarrangement

For planlagte arrangement/samankomster med meir enn 100 deltakarar, eller meir enn 50 menneske frå risikogrupper, er det no pålagt søknadsplikt frå arrangør til kommunen. 

Slik søknad om arrangement/samankomst skal vedleggast skrifteleg risikovurdering, med skildring av ;

  • venta tal personar som vil delta,
  • om det er tilreisande (inn-/utanlandske),
  • om det er deltakarar i risikogruppe for alvorleg forløp av korona, 
  • bevertning
  • alkoholservering/inntak
  • varigheit på arrangement
  • risikoreduserande tiltak

Søknad må sendast Valle kommune snarast - for alle planlagte arrangement i nær framtid.Pr. e-post: post@valle.kommune.no

Kommunen kan i medhald av § 4-1 i smittevernlova forby arrangement eller samankomst, dersom ein finn at dette kan auke faren for smitte og overføring av covid-19.

Formannskapet gav rådmann og kommuneoverlege vide fullmakter i møte 11.03.2020, og naudsynt delegert mynde.

Dette vedtaket gjeld fram til kommuneoverlege vurderer at det ikkje er naudsynt lenger.

Informasjon frå legekontoret

 

 

Alle som har vore utenfor Noreg skal ha heimekarantene i 14 dager.
Meir informasjon om heimekarandene HER

PRIORITERING AV BEHANDLING PÅ LEGEKONTORET

Legetenesta og legekontoret i Valle er i desse dagar opptatt med forebyggande tiltak retta mot Cornoasmitte.

Det er difor gjort ei prioritering.  Øyeblikkeleg hjelp vert prioritert, andre oppgåver som ikkje hastar kan bli utsett inntil vidare.

Legebesøk som ikkje hastar vil til dømes utsettast. 

Inngangen til Valle legekontor oppe og nede vil vere stengt, besøkande må difor ringe på klokka ved inngangen oppe mot aust for å kome i kontakt med tilsette på Valle legekontor eller ringe Valle legekontor.

Dersom du mistenker å vere smitta skal du ringe legekontoret, ikkje møte opp. Dette er særs viktig å overholde.

Vi ber om at dykk tar hensyn til dette i tida framover og minner på nytt om å forhalde seg tilråing frå Folkehelseinstituttet/ fhi.no og lokale myndigheiter.

 

Kontaktinformasjon

Valle kommune  Tlf. 379 37 500
Ein oppmoder publikum om å ta kontakt med oss i kommunen via telefon eller e-post. Sentralbordet blir i perioden 13.03 fram til 26.03 ope i tida 07.30– 15.00. Telefonnummer til kommunen er 37937500 ellers finn du telefonnummer til dei fleste sakshandsamarar mm HER


Valle legekontor  Tlf. 379 37 540
Folkehelseinstituttet  Tlf. 21 07 70 00
Helsedirektoratet - alt om koronaviruset
Informasjonstelefon  Tlf. 815 55 015

Skule og barnehage - oppdatert 29.05.2020

Informasjon til foreldre som har barn i barnehage og/eller SFO i Valle kommune.

 

Valle kommune vil ikkje krevje betaling for den tida barnehage og/eller SFO er stengt som følgje av Covid-19.   

Faktura med fakturadato 5. mars, som gjeld betaling for opphaldstid i mars, skal betalast som vanleg ved forfall.   

Faktura for foreldrebetaling for april vert ikkje sendt ut så lenge barnehage/SFO er stengt.  

For mykje betalt  i mars vert avrekna når barnehage/SFO kjem i gang igjen.

 

29.05.2020:

Barnehage

Etter kl. 16.00 fredag 29. mai vil det bli offentleggjort endringar i smittevernrettleiaren for barnehagane.
Denne vil me gå gjennom tysdag 02.juni. Dersom endringane er slik at me kan utvide opningstidene, vil dei kunne vere gjeldande frå torsdag 04.juni. Me kjem tilbake med informasjon om dette til tysdag.

Skule

Fredag 29. mai 2020 vert oppdatert smittevernrettleiar for skulen lagt fram.
Arbeid med innføring av rutinar og tiltak i grunnskulen i tråd med oppdatert rettleiar om smittevern vil ta til tysdag 02.juni.  Me kjem tilbake med meir informasjon etter dette.

Helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

Tenestene våre er for tida tilpassa tilrådingane frå Helsedirektoratet m.o.t .korona.

Prioriteringar for helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er for tida slik:

  • Følgje opp nyfødte – heimebesøk bør i størst mogleg grad unngåst og erstattast med konsultasjon på helsestasjon
  • Gjennomføre barnevaksinasjonsprogrammet (følg råd om smittehandtering)
  • 6 vekers konsultasjon med lege og helsesjukepleiar
  • Følgje opp barn og unge med spesielle behov eller familier det er bekymring for.

Helsesykepleier Monique V. Jore kan kontaktes på telefon 95281818.

 

KORONATELEFON FOR BYKLE OG VALLE

Korona-telefon for Bykle og Valle

Det er oppretta koronatelefon for Bykle kommune og Valle kommune. Telefonen er bemanna av helsepersonell som har sett seg grundig inn i tilhøve kring koronaviruset, og kan hjelpe deg med å finne svar på spørsmål. Aktuell og oppdatert informasjon om koronavirus finn du på Folkehelseinstituttet si nettside . Alle blir oppmoda til å sjå om dei finn svar på desse nettsidene før dei ringer. Helsepersonell vil rettleie deg, vurdere situasjonen og ved behov hjelpe deg vidare med testing og behandling.

Opningstider koronatelefon mobil  948 89 445: man – fre kl. 09-12 og 13-15:30

Forbod mot opphald på fritidseigedom utanfor din heimkommune gjeldande frå 19.03.2020

Helsedepartementet har 19.03.2020 iverksett heile forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommer. Det betyr at det ikkje lenger er lov å opphalde seg på fritidseigedom som er utanfor din heimkommune.

Unntaket er familiar som har ein smitta i husstanden, der kan dei friske familiemedlemane som må i karantene opphalde seg på hytta. Den som er smitta må halde seg heime.

Det er ikkje høve til å søkje dispensasjon frå forskrifta.

Status smittesituasjonen i Valle kommune

Status smittesituasjonen i Valle kommune finn du HER

26.03.2020

Kriseleiinga har i dag hatt statusmøte. Det vert jobba kontinuerleg med beredskap, tiltak, informasjon og overvaking av situasjonen som er knytt til utbrotet av koronaviruset. Ingen endringar sidan møte som var 23.03.2020.

Kommunen endrar tiltak i samsvar med det som regjeringa til ei kvar tid bestemmer.

23.03.2020

Kort status frå møte i kriseleiinga 23.03.2020 kl. 08.00 finn du HER

17.03.2020

Kriseleiinga har i dag hatt statusmøte. Det vert jobba kontinuerleg med beredskap, tiltak, informasjon og overvaking av situasjonen som er knytt til utbrotet av koronaviruset.

Kommunen endrar tiltak i samsvar med det som regjeringa til ei kvar tid bestemmer.

Det er viktig at alle bidreg til den felles dugnaden som krevjast for å avgrense smitte og at vi alle respekterer dei råda som helsemyndigheitene har kome med og som kjem i tida framover. Sjå meir HER

13.03.2020

Fredag 13.03.

Her er link frå ordførar sitt besøk i Valle radio i dag i høve koronasituasjonen: http://arkiv.valleradio.com/arkivfiler/2020/korona-info-130320.mp3

Kriseleiinga har hatt møte og avgjort følgjande oppmoding:
 

Valle kommune ber om at ein ikkje dreg på karanteneferie til hytta, dette gjeld for alle hyttekommunar og større vinterdestinasjonar med svært begrensa helseteneste. Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå fritidsreiser innanlands.

Valle er ein liten kommune med litt over 1100 innbyggjarar, men med ca 1500 hytter i kommunen. Tiltaket er sett i gong for å hindra vidare smittespreiing nasjonalt og internasjonalt. Me ynskjer ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. Dette grunna at ein ikkje ynskjer tilreisande med mogeleg smitte til kommunen.  Me vil oppfordra alle veldig sterkt til å halda seg heime. Det er viktig at ingen utsett seg sjølv eller andre for unødig risiko og fare.

Me ber også publikum leggja merke til at Luftambulansen har gått ut 12.03.2020 og sagt at dei ikkje kan hente pasientar med corona-smitte.

Kriseleiinga i Valle kommune skal ha nytt møte måndag 16.03. kl. 08.00.

Regjeringens plan og justering av koronatiltak

Regjeringen la i går fram planen for videre håndtering av covid-19 og en tidsplan for nedbygging av de mest inngripende tiltakene. I løpet av neste uke skal alle grunnskoler og videregående skoler åpne for alle trinn.

Lenke til Regjeringens pressemelding og endringer i tiltak finner dere her.

 

Se også eksterne lenker:

Helsedirektoratets smittevernveileder for barnehager
Helsedirektoratets smittevernveileder for skoletrinn 1-7.
Helsedirektoratets smittevernveileder for ungdomsskole og videregående skole.

Helsedirektoratets vurderinger og anbefalinger til Helse- og omsorgsdepartementet om håndtering av covid-19.
Folkehelseinstituttets risikovurderinger knyttet til Covid-19-epidemien.

Publisert | Oppdatert 29. mai 2020