Det er i dag påvist smitte av Covid-19 på ein elev ved Setesdal folkehøgskule. Den smitta har vore på reise og kom attende til skulen på sundag. Leiinga ved skulen har gjort nødvendige tiltak i høve situasjonen, og har god kontroll. Alle elevar er i dag testa med hurtigtest og ingen fleire er påvist, men det er først i løpet av dei næraste dagane ein veit om smitten ikkje har spreidd seg. 

 

Kommunelegen påpeiker at det ikkje er smitte ellers i bygda, men at det er konsentrert til skulen.

 

Ein ber folk likevel ha låg terskel for å teste seg ved symptom.