Vi har fått påvist tilfelle av britisk virusmutant i Valle kommune. Alle nærkontakter vil bli kontakta i løpet av kvelden. Vi ber om at de tek telefonen dersom de blir oppringt av ukjent nummer. Det er ein del nærkontakter i skulen som gjer at det vert fjernundervisning i morgon fredag 19.03 fram til vi får meir oversikt over utfallet. Resten av elevane og samtlege lærarar er sett i ventekarantene. Ventekarantene betyr at ein skal halde seg heime fram til nærkontakene har fått svar på test og den er negativ.

Dersom folk har symtomer må dei ta kontakt med valle legekontor i morgon.

Inntil vidare vil Valle kommune tilrå sterkt følgjande tiltak:

  • Alle som kan ha heimekontor bør ha det
  • Alle brukar munnbind innandørs på offentlege stader
  • Begrense antall nærkontakter

Kriseleiinga skal ha møte med FHI og statsforvalteren i morgon tidleg for å drøfte vidare tiltak.

Har du spørsmål kan du ringe til kommunen sitt sentralbord på telefon 37937500 frå klokka 18:15 og  fram til kl. 22.00 i kveld 18.03.