Føremålet med retningslinjene er å sikre lik handsaming av søknadar om permisjon samt å redusere fråværet frå den lovpliktige opplæringa.

Generell informasjon om opplæringsplikt og permisjonsreglement.

Retningslinjene for permisjon frå den pliktige opplæringa i grunnskulen er forankra i opplæringslova §2-1 " Rett og plikt til grunnskuleopplæring, første, andre og femte ledd, og § 2-11 "permisjon frå den pliktige opplæringa"

Skulen kan innvilge permisjon frå opplæringa med varigheit inntil 2 veker/10 skuledagar. Opplæringslova si grense for maksimal permisjonstid er ufravikelig.

Ved søknad om permisjon for eit lengre tidsrom enn 2 veker/10 skuledagar, kan rektor innvilge permisjon i inntil 2 veker av den søkte perioden.

Søknadsprosedyre for permisjon frå opplæringa

Føresette kan søkje permisjon frå opplæringa for sitt barn gjennom føresatt portalen Visma flyt skole. 

SØK OM PERMISJON HER

Søknad på "andre flater" enn Visma vert ikkje handsama.