Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Personvern og GDPR

Kva er nytt?

Frå juli 2018 gjeld EU sin nye personvernforordning (GDPR) også i Norge. Dette gir deg som  innbyggjar nokre utvida rettar knytt til personvern.

Med GDPR får vi som kommune berre lov å behandle dine personopplysningar når:

  • det er krav om det i lov eller forskrift
  • kommunen skal sikre ein rett du har
  • du har gitt klart samtykke til det
Kva betyr dette for deg ?

Når kommunen behandlar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som blir behandla, kva dei skal brukast til, og når opplysningane vert sletta. Med den nye personvernforordninga har du rett til:

  • at dine personopplysningar berre vert behandla for det formålet dei vart innsamla for
  • å få innsyn i kva personopplysningar som vert behandla om deg og om ønskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt. (Me sender ikkje slik informasjon på epost, men via sikker sending)
  • å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekte
  • å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som kommunen etter lov pliktar å behalde)
  • å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)
  • å få tilgang til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre:
    • når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag
    • når utlevering er teknisk mogleg
    • for opplysningar du sjølv har gitt til kommunen gjennom samtykke eller kontrakt
    • for personopplysningar som vert behandla elektronisk

Meir informasjon om dei nye rettane dine finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Korleis ber du om innsyn, retting eller sletting ?

Ønskjer du å vite kva personopplysningar vi har lagra om deg, eller vil du be om at vi rettar eller slettar opplysningar? Møt opp på kommunehuset, send epost eller ring. Me sender ikkje informasjonen på epost, men nyttar sikker sending.

Kven er ansvarleg  for behandlinga?

I Valle kommune er det rådmannen som er behandlingsansvarleg og difor har det øvste ansvaret for personvernet. Kommunedirektør i Valle kommune er Vidar H. Homme.

Kven kan du kontakte for meir informasjon eller for å klage ?

GDPR krev at alle verksemder har eit personvernombod. Ombodet skal hjelpe kommunen å følgje regelverket, og er kontaktperson for deg som ønskjer meir informasjon om dine rettar

Personvernombodet i Valle kommune:

  • Marte Aartun, personvernombod
  • Telefon: 971 83 779
  • E-post: marte.aarthun@arendal.kommune.no

Om du, etter dialog med kommune og/eller personvernombod, meiner at kommunen ikkje behandlar opplysningane dine i samsvar med personopplysningslova, kan du klage til Datatilsynet.

Trykk her for å gå til Datatilsynet sin side om korleis du kan klage.

Kontaktinformasjon

Valle kommune
Kjellebergsvegen 1
4747 Valle

T: 37 93 75 00
E: post@Valle.kommune.no

Sist oppdatert 03. mai 2023