Kva slags arbeid i samband med piper og eldstadar er unnateke søknadsplikt og kva må du søkje om?

Når du skal gjere arbeid med piper og eldstader er det to ulike kategoriar som er aktuelle.
Det kan vere at du:

1. Kan gjere arbeida utan å søkje (altså ikkje søknadspliktig).

  1. Ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningsloven (pbl) § 20-5 d) og e) og forskrift om byggesak (SAK10) § 4-1 d) pkt. 2 og 5:

Kva slags arbeid med pipe og eldstad gjeld dette for?

Kven er ansvarleg for kva?

  • Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande bygg innanfor ei brukseining eller branncelle.

Døme på endring og reparasjon av eldstad: reinstallering*), oppføring av brannmur, innmuring av pipestuss, frilufttilførsel, fundamentering av peis og øvrige arbeid som er nødvendig for å installere ein eldstad.

*) Med reinstallering meiner vi eldstad som blir tatt ut og plassert tilbake på same stad og i same røykløpsinnføring.

  • Reparasjon av skorstein (skorstein = pipe), så framt at reparasjonen ikkje fører til at skorsteinen blir endra.

(Døme på reparasjonar som fører til at skorsteinen blir endra slik at arbeida blir søknadspliktige, er montering av nytt røykrøyr eller glidestøyp.)

  • Frittliggjande utepeis som er plassert minst 4 meter frå nabogrense, og som ikkje er til fare eller urimeleg ulempe for omgivnadene.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket (tiltaket = det du skal gjere) følgjer føresegnene i plan- og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som kommuneplanen sin arealdel og reguleringsplan, og andre løyve. Tiltaket må heller ikkje vere i strid med andre regelverk. Du er sjølv ansvarleg for å gjere eventuelle nødvendige avklaringar med andre styresmakter som er nemnt i SAK10 § 6-2.

Etter forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn (FOBTOT) § 6 har du meldeplikt til det kommunale feiarvesenet når du har installert ny eldstad eller har gjort andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget. Du er sjølv ansvarleg for å melde frå til feiarvesenet.

 

 

2. Søknadspliktig med krav om ansvarleg føretak

Må søkje og søknaden må sendast inn av føretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søkjar, eventuelt av tiltakshavar med ansvarsrett som sjølvbyggjar etter forskrift om byggesak (SAK10) § 6-8. Prosjektering og utføring må gjerast av føretak som tar på seg ansvar som høvesvis ansvarleg prosjekterande og ansvarleg utførande, eventuelt sjølvbyggjar med ansvarsrett for dette. Eventuell kontroll må gjerast av føretak som tar på seg ansvar for kontroll. Alle føretak som tar på seg ansvar må oppfylle krav til kvalitetssikring jf SAK10 kapittel 10 og krav til utdanning og praksis jf SAK10 kapittel 11.

 
  1. Søknadspliktige tiltak med krav om ansvarlege føretak etter § 20-3 i plan- og bygningsloven:

Kva slags pipe- og eldstadsarbeid gjeld dette for?

Kven er ansvarleg for kva?

  • Oppføring av skorstein
  • Andre reparasjonar av skorstein enn dei som er omtala i tabell 1.
  • Installering, endring og reparasjon av eldstad som gjeld meir enn ei brukseining eller branncelle i eksisterande bygg.

 

 

Søknad om desse arbeida på pipe og eldstad må bli send inn av føretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søkjar, eventuelt av tiltakshavar med ansvarsrett som sjølvbyggjar dersom arbeida er i eigen einebustad eller fritidsbustad. At du skal kunne bli godkjent som sjølvbyggjar, krev at du har nødvendig kompetanse sjølv, eller at du knyt til deg nokon med slik kunnskap.

Etter forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn (FOBTOT) § 6 har du meldeplikt til det kommunale feiarvesenet når du har installert ny eldstad eller har gjort andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget. Du er sjølv ansvarleg for å melde frå til feiarvesenet.

Send inn søknaden i eitt eksemplar. Ifølgje SAK10 § 5-4 skal han innehalde:

Søknadsblankett inkludert erklæring om ansvarsrett for søkjar nr. 5174* og 5175*, ev. 5184* og 5187*

Kvittering for nabovarsel og Opplysningar gjeve i nabovarsel. nr. 5155 og 5156

Naboar og gjenbuarar skal bli varsla i tilfelle der arbeida kan få konsekvensar for dei Dersom det blir søkt om dispensasjon, må det bli varsla særskilt om dette. Du kan ikkje sende søknaden til kommunen før frist for nabomerknader har gått ut. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Nabovarsel –innhald og varslingsmåtar».                                                                                                                                                        

Eventuelle merknader frå naboar, med forklaring på korleis desse eventuelt er tatt omsyn til.

Situasjonsplan. Det er berre krav om dette for utvendige tiltak. Kartet må vere av nyare dato og du kan bestille det hos kommunen. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Situasjonsplan – kva krevst?»

Teikningar som viser plasseringa av skorsteinen eller eldstaden på planteikninga samt utsjånad og utføring. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Teikningar – kva krevst?»

Gjennomføringsplan med oversyn over ansvarsområde delt inn i godkjenningsområde nr. 5185*
og etter tiltaksklassar, kontrollområde, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene.

Erklæring om ansvarsrett for prosjekterande, utførande og eventuelt kontrollerande. 
nr. 5181*, ev. 5184* og 5187*

Eventuelle uttalar og avgjerder frå andre styresmakter som nemnt i SAK10 § 6-2

Eventuell søknad om dispensasjon*. Er søknaden avhengig av dispensasjon frå plangrunnlaget eller andre
føresegner, er det krav om grunngitt søknad etter § 19-1 i plan-og bygningsloven. Du finn meir informasjon i informasjonsarket «Dispensasjon».

Når skal du byrje på arbeidet?

Når kan du byrje på arbeidet?

Om det du skal gjere ikkje er søknadspliktig, kan du begynne arbeidet med ein gong du har avklara at vilkåra for unntak frå søknadsplikt er oppfylt.

Om det du skal gjere er søknadspliktig kan du begynne arbeidet tre veker etter at kommunen har mottatt søknaden, dersom følgjande vilkår er oppfylte etter  § 21-7 i plan-og bygningsloven:

  • Søknaden er komplett, det vil seie at han inneheld all nødvendig informasjon.
  • Det du skal gjere er i samsvar med gitte føresegner eller i medhald av pbl (er i samsvar med arealplan eller dispensasjon er innhenta på førehand).
  • Det er ikkje nødvendig med ytterlegare løyve, samtykke eller uttale frå annan styresmakt etter SAK10 § 6-2.
  • At det ikkje ligg føre merknader frå naboar.
  • Kommunen ikkje har gitt deg melding om forlenga frist for sakshandsaminga etter SAK10 §7-3

Er ikkje desse vilkåra fylte, må du vente med å byggje til du har fått skriftleg løyve frå kommunen. Kommunen har då frist på 12 veker til å gi deg svar. Sjå pbl § 21-7.

Når dei søknadspliktige arbeida er ferdig utført, skal du som tiltakshavar/ansvarleg søkjar be kommunen om ferdigattest. 

Søknad om ferdigattest

Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest.

Skjema for søknad om ferdigattest finn du her:
Søknad om ferdigattest

 

Er tiltaket belagt med ansvar, må det også leggast ved gjennomføringsplan ved søknad om ferdigattest.

Skjema for gjennomføringsplan finn du her:
Gjennomføringsplan