Individretta tilbod
Målgruppe: barn, unge og vaksne med psykiske vanskar eller lidingar, samt rusproblem. 

Tilbod:
•    Utgreiing
•    Individualterapi
•    Par- og familieterapi
•    Samtalar med pårørande
•    Hasjavvenning
•    Deltaking i ansvarsgruppe og arbeid med individuell plan
•    Samarbeid med andre hjelpeinstansar ved behov
 
Rammer: 
Hovudsakleg korttidstilbod på i 6-10 samtalar, men det vil vere individuell vurdering. 

Tilvising: 
Det er ikkje krav om tilvising og innbyggarane kan ta direkte kontakt. Alle kommunale hjelpeinstansar kan tilvise til oss. Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje skriftleg samtykkje. Det er utarbeidd eiget skjema.
 

Systemretta tilbod
Målgruppe: Andre kommunale instansar, lokalmiljøet og innbyggarane 

Tilbod: 
•    Rettleiing av lærarar og andre fagpersonar kring psykiske vanskar/lidingar og avhengigheit
•    Foreldrekurs
•    KiD kurs- Kurs i depresjonsmestring
•    KIB kurs – kurs i mestring av belastning
•    Helseovervaking og førebyggande folkehelsearbeid, inkludert brukarplan og UngData
•    Satsinga Barn i Rusfamiliar
•    Koordinering av tverrfagleg team 
•    Koordinerande eining - ha oversyn over brukarar med behov for ansvarsgruppe og eventuelt individuell plan, samt opplæring av koordinatorar. 
•    Ved ynskje om bistand til ei konkret problemstilling t.d. ved skule, barnehage eller aldersheim 
•    Samordning av det kriminalitetsførebyggande arbeidet
•    Cannabis kortprogram – informasjon til skule/fagpersonar 
•    Haldningskampanjen ”Av og til”

Bestilling: Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og rus. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding. 

Sjå eiget skjema