Psykisk helse og rus har kontor i Valle, Bykle og på Hovden. Tenesta er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområda i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett med sjukepleiar, psykiatrisk rådgjevar, SLT-koordinator, ruskonsulent og psykolog.
Tilvisning
Det er ikkje krav om tilvising og innbyggarane kan ta direkte kontakt. Alle kommunale hjelpeinstansar kan tilvise til oss. Når det gjeld barn og unge under 16år, må båe foreldra gje samtykkje.
Bestilling
Ved ynskje om systemretta tilbod, sendast ein skriftleg førespurnad til Psykisk helse og rus. Teamet vil ta stilling til førespurnaden og gje tilbakemelding.
(sjå under for søknad om systemretta tilbod)