- Vaksinering skjer på Valle helsesenter, Kjellebergsvegen 3, 4747 Valle
- Valle legekontor, tlf. 37937540, er kontakt for vaksinasjon og spørsmål
- Drop-in Covidvaksine tysdag 9. mai kl. 10.00 - 14:00
Oppfriskingsdoser av koronavaksine våren 2023:
Helsedirektoratet anbefaler no ny oppfriskingsdose til personar 75 år og eldre, samt sjukeheimsbebuarar.
Ei ny dose vil vere særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått koronainfeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggjande risikofaktorar.
Det bør ha gått ca. 6 månader sidan seiste dose. Det er ikkje farleg å ta vaksina sjølv om ein har gjennomgått koronainfeksjon nyleg, men ein skal vere frisk ved vaksinetidspunktet.