Status pr. 30.11.2020

 

Rådmann: Valle kommune har engasjert scuritas for tilsyn til bedrifter no i desember. Invitere skianlegget til informasjonsmøte. Utforder dei på kva planverk dei har mtp smittevern.

Beredskapskoordinator: Ingenting spesielt å rapportere. 

Pleie og omsorg: Ingenting spesielt å rapportere.

Oppvekst: Ingenting spesielt.

Informasjon: Ingenting spesielt.

Kommuneoverlege: Fokus i det siste har vore i høve tilsynsfunksjonen til kommunen.

 

Erfaring frå hendelsen med smitte i kommunen

Smittesporingsteamet fekk prøvd seg. Det var eit veldig avgrensa tilfelle og var greitt å handtere. Alt i alt fungerte ting slik det skulle.

Kommunikasjon fungerte bra.

 

 

Trafikklysmodell – kva status har vi pr. i dag?

Skule og barnehage i Valle er på gult. Resten av organisasjonen har vi vurdert framleis er på grønt jf. Nasjonale føringar.

Valle kommune vidarefører avgrensing av sosialt samvær i regi av Valle kommune som arbeidsgjevar. Dette fordi Valle kommune som arbeidsgjevar har stort fokus på smittevern og førebygging.

Arrangement i regi av organisasjonar/privat – nasjonale retningsliner gjeld.

Ny vurdering vert gjort i neste møte i kriseleiinga, medio desember.

 

Kommunikasjon i høve heimreise til jol og besøk frå andre kommunar.

Oppmoding om å vise varsemd no i tida frametter. Særleg dei som kjem frå stader med høg smittespreiing. Dette vert tema på neste møte og vi vil sende ut informasjon på heimesida og facebook nærare jol

Rapportering

Dette går sin gang. Ingen endringar.

Rutinar

Utkast til rutine i høve kommunikasjon ved smitte er sendt over til rådmann 18.11. og er ok. Vert lagt inn i Compilo.

Kriseleiinga:

Frå og med i dag så er det desse som blir kalla inn til møta frametter:

 

Rådmann Aud Sunniva Fuhr

Ordførar Steinar Kyrvestad

Leiar pleie og omsorg/ass. Leiar for kriseleiinga Solveig Kyrvestad

Beredskapskoordinator Torleif Homme

Informasjonsansvarleg Gunn Marith Homme

Kommuneoverlege Maren Østvold

 

Andre vil bli kalla inn etter behov.

 

Førespurnad om leige av lokale i romjola.

Valle kommune vil følgje nasjonal oppmoding om å legge til rette for at barn, ungdom og unge vaksne kan samlast i kontrollerte former i jola. Ved bestilling av lokale må vi vere tydelege på at arrangør er ansvarleg for at smittevernet blir ivaretatt. Ny vurdering vert gjort i neste møte i høve nasjonale føringar på dette punktet