Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen bestemmer korleis området kan brukast og kva som kan byggast der.
Planen består av av eit kart med konkrete føringar for kva formål eigedomen har og kva som kan gjerast på eigedomen, til dømes kor høgt og stort du kan bygge. Dersom du planlegg å bygge på ein eigedom, må du fyrst undersøke kva for reguleringsplan som gjeld for den aktuelle eigedomen.

To typer reguleringsplanar

Det finst to typer reguleringsplanar - områderegulering og detaljregulering.

Områderegulering lagast av kommunen og styrer utviklinga i eit større område, til dømes Valle sentrum.

Detaljreguleringar er planar for mindre område til dømes bustadfelt, hyttefelt eller vegstrekning. Både kommunen, privatpersonar, utbyggarar og andre initiativtakerar kan koma med forslag til ei detaljregulering, men det er fagpersonar som arkitektar og arealplanleggarar som utarbeidar planforslaget.

Det er kommunestyret i Valle som vedtek reguleringsplanane.

Korleis kan du påvirke reguleringsplanen?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel til to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er klart (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigerar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Setesdølen  og her på Kunngjeringar. I kunngjeringane står det korleis du kan koma med merknader og innspel, og kven du skal rette dei til.

Varsel om oppstart

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som blir berørt av planen. Dersom du har fått eit slik varsel og har spørsmål eller innspel til planarbeidet, sender du dei til den fagkunnige som står som avsendar. Fristen er opptil seks veker.

Offentleg ettersyn

Når me har motteke planforslaget , skal alle få høve til å koma med innspel. No inneheld planforslaget detaljerte beskrivingar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Dersom du har merknader og innspel, sender du dei direkte til oss, dette står i Kunngjeringar. Fristen for å kome med merknader i denne runden er minst seks veker.

Etter runden med offentleg ettersyn skal kommunen og den som har laga planforslaget vurdere kva for uttaler/merknader som skal påverke planforslaget. Den som har laga planforslaget oppdaterer så forslaget, og planforslaget blir sendt til politisk handsaming i plan-og miljøutvalet og kommunestyret.

Korleis finn du reguleringsplan og føresegner?

Planinnsyn

Alle arealplanar i Valle kommune er digitalisert og lagt inn i planregisteret. Dette er tilgjengeleg på web via Planinnsyn. Du kan søke på namn/delar av namn, med plan-id, eller med gnr/bnr for å finne planstatus for ein eigedom. Du kan og zoome inn og klikke rett i kartet. Informasjon om planen kjem opp i venstre marg, og om du trykker «Vis meir informasjon» får du opp all informasjon om planen og også plandokument som vedtak, plankart og føresegner.

Kommunekart
I Webkartet kan du finne planar ved å søkje dei opp med hjelp av planid eller  plannamn, eller du kan søke på adresse, gnr/bnr, stadnamn, eller ved å zoome i kartet.

  • Klikk på kommunevåpenet og huk av for reguleringsplan i lista som kjem opp i høgre side på skjermen.
  • Til høgre på skjermen kjem det opp ein boks med "Kartlagsinfo for valgt punkt", klikk på det kartlaget du ønsker å åpne, t.d. "vedtekne reguleringsplanar".
  • Klikk på reguleringplan, då kjem det opp informasjon om den reguleringsplanen du har valt.
  • Nederst i informasjonsboksen veljer du lenka "Innsyn i planar"

Ver merksam på at kartet (pdf-dokumentet) i planregisteret ikkje alltid er oppdatert etter endringar. Plankartet du ser i Kommunekart og i Planinnsyn er oppdatert.

Endring av reguleringsplan

Viss du ønskjer å byggje noko anna enn det arealplanane legg opp til må du ta kontakt med kommunen.