Valle kommune tilrår på generelt grunnlag at større arrangement og samankomster ikkje blir haldne i noverande situasjon.

For planlagte arrangement/samankomster med meir enn 100 deltakarar, eller meir enn 50 menneske frå risikogrupper, er det no pålagt søknadsplikt frå arrangør til kommunen. 

Slik søknad om arrangement/samankomst skal vedleggast skrifteleg risikovurdering, med skildring av ;

  • venta tal personar som vil delta,
  • om det er tilreisande (inn-/utanlandske),
  • om det er deltakarar i risikogruppe for alvorleg forløp av korona, 
  • bevertning
  • alkoholservering/inntak
  • varigheit på arrangement
  • risikoreduserande tiltak

Søknad må sendast Valle kommune snarast - for alle planlagte arrangement i nær framtid.Pr. e-post: post@valle.kommune.no

Kommunen kan i medhald av § 4-1 i smittevernlova forby arrangement eller samankomst, dersom ein finn at dette kan auke faren for smitte og overføring av covid-19.

Formannskapet gav rådmann og kommuneoverlege vide fullmakter i møte 11.03.2020, og naudsynt delegert mynde.

Dette vedtaket gjeld fram til kommuneoverlege vurderer at det ikkje er naudsynt lenger.