NVE avgjorde den 15.7.2019 at konsesjonsvilkåra for reguleringane i Otra skal reviderast.

På bakgrunn av krav frå Bykle, Valle, Bygland, Iveland, Evje og Hornnes, Vennesla og Kristiansand kommunar og føringar frå NVE har Otteraaens Brugseierforening utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg høyring og NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttale seg.

Revisjonsdokumentet og fråsegnene vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.

Revisjonsdokumentet er tilgjengeleg på NVEs internettside www.nve.no/konsesjonssaker.

Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finnast på www.nve.no/revisjon.

Revisjonsdokumentet er og lagt ut til offentleg gjennomsyn i kommunane. Dersom du ønskjer ein papirversjon av revisjonsdokumentet kan du kontakte Grunde Johnsen på e-post: grunde.johnsen@otrakraft.no eller tlf. 37 93 67 06.

Fråsegner kan sendast NVE via internett www.nve.no/konsesjonssaker ved å gå inn på den aktuelle saka, med e-post til nve@nve.no eller med post til NVE, Energi- og konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo.

Høyringsfristen er 1. desember 2021.

På bakgrunn av revisjonsdokumentet og fråsegnene til dette skal NVE gi ein innstilling til Olje- og energidepartementet, med forslag til nye konsesjonsvilkår. Fråsegnene er offentlege dokument som vil bli referert i innstillinga. Sentrale saksdokument blir lagt ut på NVE sine internettsider. 

 

INFORMASJON OM NVA SI SAKSHANDSAMING VED REVISJON AV KONSESJONSVILKÅR