Om planen:

Kulturminne og kulturmiljø er i dag rekna som fellesverdiar i samfunnet. Dei er ressursar til kunnskap, oppleving og bruk, både for den einskilde og for fellesskapet. Valle kommune sin kulturminneplan konsentrerer seg om faste kulturminne/kulturmiljø, med immateriell kulturarv (folkemusikk, -song og –dans) som eit enkeltståande unnatak, og kulturminne som er bygdenære og tilgjengelege. Kulturminne gir identitet og særpreg til ein stad eller eit område, samtidig som dei ved å vere ei felles plattform knyt oss saman. Ved å gjere kulturminna meir synlege og tilgjengelege, legg vi til rette for gode opplevingar for enkeltmenneske, og samfunnsutvikling og verdiskaping til beste for fellesskapet.  

 

Leonhard Jansen, konservator og historikar leigd inn frå Setesdalsmuseet, har ført planen i pennen, medan leiar Kultur og fritid, Torunn Charlotte Nyberg, har vore prosjektleiar og hatt ansvar for å utarbeide prosjektplan og koordinere arbeidet.