Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er å få en trygg og effektiv rv. 9. Dette består i å auke trafikksikkerheit, få god trafikkavvikling, og redusere ulykkesfrekvens.
 
annonsebilde.png
 
Konsekvensen reguleringa får for området: Gjennomføring av planen vil gjere riksvegen gjennom området meir framkommeleg og gje betre tryggleik for ferdsel. Den gamle riksvegen gjennom området vil bli nedklassifisert til kommunal veg og anna vegareal (driftsveg). Det er naudsynt med grunnerverv av dyrka mark, skogsmark og innløysing av 4 hus.
 
Plankart i målestokk 1:1000 med føresegner, planbeskriving, og tilhøyrande vedlegg er lagd ut på Velkomstenteret i Valle kommune, Kjellebergsvegen 1, Kommunehuset, 4747 Valle og på vegkontoret på Harebakken, Langsævegen 4, 4846 Arendal. Du kan også sjå planen i Planinnsyn. Huk av for å sjå planar på høyring.
 
Planforslaget med alle sakens dokument finn du under Vedlegg på denne sida, og på www.vegvesen.no/Riksveg/rv9rotemolunden.
 
Planen inneber inngrep i strandsona til Otra. Planmaterialet beskriv desse inngrepa, forholdet til særlovverk og virkninger for viktige samfunnsinteresser. Det framlagde materialet gjev grunnlag for utsjekk hos NVE og andre fagmyndigheiter i høringsperioda og SVV ønskjer tilbakemelding på evt. vidare prosess og løyver som må innhentast.
 
Merknader til reguleringsarbeidet kan sendast til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller e-post: firmapost@vegvesen.no innan 09.10.2020.
Merknader merkast med «Detaljregulering for rv. 9 Rotemo – Lunden».
 
Det vil bli gjennomført informasjonsmøte i kommunestyresalen på kommunehuset i Valle kommune 24.09.2020 kl. 1800.
 
Saksbehandlar svarer gjerne på spørsmål:

Du finn også planen i Kommunekart. Dette er ein eigen klient som viser planen i separate nivå (på bunnen, på grunnen og over grunnen (bruer))