Dersom ein eigedom skal eigast saman av fleire personer og eigarane skal ha einerett til kvar sin brukseining i bygningsmassen må eigedomen seksjonerast. Det er vanleg å seksjonere store bygg med fleire leilegheiter, også kalla sjølveigarleilegheiter eller kontor og butikklokale. Ein eigedom med fleire frittliggjande hus, for eksempel i eit hyttefelt kan også organiserast som eit eigarseksjonssameige.

Når ein seksjonerer, har ein einerett til brukseininga, men uteområdet er felles, dersom det ikkje vert målt opp.

Ved seksjonering vert kvar brukseining gjeve eit eige seksjonsnummer (snr) under same gardsnummer og bruksnummer.

Dersom eigedomen kan delast i kvar sin fysiske del, oppmodar ein til at eigedomen vert frådelt i staden for seksjonert.

Reseksjonering er å endre på ein allereie seksjonert eigedom.
Sletting av seksjonering vil seie at seksjonsnummeret utgår.

Seksjonere eller dele?

Kriterier og vilkår

Generelle krav:

  • Bygning må ha fått rammeløyve etter plan- og bygningslova før ein kan seksjonere.
  • Seksjonering kan kun omfatte ein grunneigedom, festegrunn (ikkje festenummer) eller anleggseigedom.
  • Kvar seksjon har einerett til å bruke ei brukseining.
  • Kvar seksjon skal ha ein fast sameigebrøk.
  • Brukseininga sin hovuddel er ein klart avgrensa og samanhengande del av bygninga og har eigen inngang.
  • Det må vere avsett nok parkeringsareal som sikrar antal parkeringsplassar.
  • Alle brukseiningar vert omfatta av seksjoneringa.
  • Kvar seksjon må oppgjeve formål. Formålet er anten bustad eller næring. Alt som ikkje er bustad eller har funksjon tilhøyrande bustad vert i seksjoneringssamanheng næring. Seksjoneringsformålet må vere i tråd med gjeldande arealplanformål eller anna bruk det er gjeve løyve til.
  • Standardkrav for hovuddel i bustadseksjonar er eigen inngang eller inngang frå fellesareal og eige kjøkken og bad/wc innafor hovuddelen av brukseininga. Bad/wc skal være i eigna eller eige rom. Alle desse funksjonane må ligge innafor ein samanhengande del av bygninga. Det vert ikkje tillete at ein må krysse fellesareal for å nå desse funksjonane.

    Når det gjelder næringsseksjon, er det i hovudsak ikkje spesielle standardkrav utover eigen inngang.

Skjema og krav til vedlegg

Du må søkje om seksjonering/reseksjonering på eige skjema, fastsett av departementet. Søknaden må leveres i 2 eksemplar med originale underskrifter.

Rettleiing om utfylling av søknad om seksjonering/reseksjonering ligg på desse sidene:
Rettleiing frå regjeringen.no

Rettleiing til utfylling av "søknad om seksjonering"

Rettleiing til utfylling av "søknad om reseksjonering"

 

Søknadsskjema:
Søknad om seksjonering 

Søknad om reseksjonering 

 

Legg ved fylgjande vedlegg til søknaden:

  • Kart over eigedom
  • Planteikningar som viser alle etasjar av seksjonane på eigedomen, som vert omfatta av seksjoneringa. Planteikninga treng ikkje vere arkitektteikna, men må vere tydelege og i god kvalitet. Planteikningane må innehalde grensene for brukseiningane, seksjonsnumra og bruken av dei enkelte roma (for eksempel kjøkken og bad). Planteikninga må i tillegg vere i målestokk, ha adresse, gards- og bruksnummer og dato.  
  • Vedtekter for sameige (ikkje naudsynt ved reseksjonering).
  • Dokumentasjon på at bueiningane er lovleg etablert etter plan- og bygningslova. Dvs byggjeløyve eller ferdigattest.
  • Dersom det er tinglyst urådigheit på eigedomen må det legges ved eit samtykkje frå rettshavar med original signatur.
  • Firmaattest dersom heimelshavar er firma.

Kvar sender du søknaden?

Søknad om seksjonering må sendes i posten til Valle kommune, postboks 3, 4747 Valle eller ved oppmøte, då me må ha originale underskrifter.

Sakshandsamingstid/klagerett

Sakshandsamingstid

Kommunen skal handsame søknad om seksjonering og registrere seksjonane i matrikkelen innan 12 veker etter at fullstendig søknad er mottatt.  Etter at søknaden er godkjent og matrikkelført m å den ligge hos kommunen til klagefristen er gått ut (3 veker) før den sendes til tinglysing.


Klagerett

Du må klage på vedtaket innan 3 veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendes til Valle kommune: post@valle.kommune.no. I klaga oppgjev du kva du ynskjer endra i vedtaket og grunngjeve dette. Kommunen vil kunne gjeve deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga vert sendt der, skal teknisk avdeling vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til fylkesmannen.