Ordninga vert organisert slik:

  • Dei som kjem inn under ordninga er: innbyggjarar i Valle kommune, elevar på Setesdal folkehøgskule og Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle.
     
  • Dei som vil nytte seg av ordninga lyt hente kort på Brokke alpinsenter innan 31. januar 2016. Legitimasjon lyt visast fram. Det vert levert namneliste til alpinsenteret på elevar i 1.-10. klasse.(Elevar på Setesdal folkehøgskule og Setesdal vidaregåande skule, avd. Valle lyt syne elevbevis).
     
  • Ordninga gjeld berre for sesongkort



Regelverk for organisering av ordninga skal handsamast i formannskapet 13. januar. Det vert teke atterhald om moglege endringar.