Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Setesdals-regionen – eit samfunn i samspel!

Publisert
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Foto: Marit S. Kvaale

Foto: Marit S. Kvaale

I samband med styremøte i Setesdal regionråd 24. november  er det ein møtebolk frå kl. 1400 som vi inviterer fleire til å ta del i.
 
Korleis kan vi styrke utviklingskapasiteten i Setesdals-kommunane og er samspelet i regionen godt og framtidsretta ? Den 24. november kjem Distriktssenteret på besøk til Revsnes Hotell. Her vil Halvor Hilmersen frå Distriktssenteret formidla om funna som er gjort i småkommuneprogrammet der både Valle og Bygland har vore med, saman med 40 andre distriktskommunar. Funna vil sett i samanheng med korleis kommunane kan jobba med positiv befolkningsutvikling i Setesdal.
 
I fjor lanserte Distriktssenteret rapporten om reiseliv og lokalsamfunnsutvikling – «Duett eller duell»? Kunnskapen i studien er spennande for det utviklingsarbeidet som skjer i regionen vår. Distriktssenteret har i 2014 også gjort ei evaluering av  6 regionar som har organisert seg som ein regionalpark eller jobbar med eit regionalparkprosjekt. Fleire av  desse har mange likskaper med Setesdalen, og Roar Werner Vangsnes frå Distriktssenteret vil halde eit innleiingsforedrag om arbeidet rundt desse rapportane.
 
Vi håpar på debatt og dialog med god deltaking frå politikarar, næringslivet og innbyggarar frå alle kommunane.

 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker