Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skal utvikla løysingar for digitale helsetenester saman med Tellu AS

Publisert , Oppdatert 23. juni 2022
Ann-Helen Moum, Sturle Hamre og Marit Svindland

Innovasjonspartnerskapet Velferdsteknologi Agder inngår avtale med Tellu AS med samarbeidspartnarar. Kommunane i Agder og Sørlandet sjukehus skal bruka 18 månader på å utvikla innovative løysingar for digitale helsetenester saman med Tellu AS.

Avtalen om innovasjonspartnarskap har ein potensiell verdi på 200 millionar kroner.

– Årsaka til at me valde Tellu AS som leverandør var at dei skåra godt på alle kriteria: Dei overtydde med sjølve løysinga, dei tilbaud eit svært kompetent tverrfagleg team og dei hadde gode risikoreduserande tiltak, understrekar prosjekteigar og digitaliseringssjef i Kristiansand kommune, Ann-Helen Moum. Ho legg til at målet med utviklingsarbeidet er å utarbeida saumlause digitale tenester.

– Når teknologien snakkar saman blir kvardagen enklare både for dei som bruker teknologien og dei som administrerer hjelpemidla. Dette gjer at me sparer me både tid og pengar, seier Moum.

Kommunedirektør Camilla B Dunsæd er fornøgd med at leverandør er vald og ser fram til dei innovative løysingane som blir resultatet av dei neste 18 månadene. – Me jobbar kontinuerleg for å forbetra tenestene våre, og har store forventingar til at digitale helsetenester vil vera ei viktig forbetring både for tilsette og innbyggjarar.

Glade for å bli valt som leverandør

– Me i Tellu er imponerte over Agder-regionen, som både har lang erfaring med bruk av velferdsteknologi og har så tydelege ambisjonar om å utnytta teknologien på ein heilskapleg måte, seier Thomas Andersen som er konstituert dagleg leiar i Tellu AS. – Me gler oss, i samarbeid med partnarane våre, til å bidra i utviklinga av gode digitale opplevingar til helsetenesta, med Agder-regionen som leiande utviklingsarena.

– Saman med kommunar og sjukehus i Agder kan me gjera kvardagen enklare og meir føreseieleg for helsepersonell, andre tilsette og ikkje minst brukarane og pårørande deira, påpeikar Lars Bakken som er Tellus prosjektleiar i innovasjonspartnarskapet. –  Det å forenkla bruk er nøkkelen til å kunna innføra løysingar i stor skala og dermed realisera dei store gevinstane frå velferdsteknologi.

Står fritt til å bruka løysinga

I første omgang skal kommunane og sjukehuset samarbeida med leverandør gjennom innovasjonspartnarskapet for å utvikla ei saumlaus løysing som skal gjera det enklare å ta i bruk digitale helsetenester. Dette inkluderer ei innlogging og ulike appar for tilsette og pårørande. Løysinga omfattar òg digital heimeoppfølging på tvers av sjukehus, kommune og fastlege, i tillegg til responssenter, logistikk og utstyr.

– Kommunane og sjukehuset står i etterkant fritt til å velja om dei ønskjer å ta i bruk løysinga, men målet er sjølvsagt at løysinga er så bra at dei ønskjer nettopp dette, understrekar prosjektleiar Marit Svindland, i Innovasjonspartnerskap velferdsteknologi Agder.

Må tenkje nytt

Behovet for å tenkja nytt og annleis tvingar seg fram på Agder fordi delen yrkesaktive ikkje aukar i takt med delen eldre.

– Held me fram som i dag må sju av ti som går ut av vidaregåande skule jobba i helsevesenet – og det er ikkje berekraftig, seier Svindland. – Det er mange gode løysingar med teknologi som fungerer bra heime hos tenestemottakarane, men utfordringa er at i dag blir det kravd mykje administrasjon frå helsepersonell. Til dømes må dei same opplysningane registrerast fleire gonger, og helsepersonell må ofte gå med to telefonar i lomma, fordi ein ikkje kan sjekka dei same tinga på same eining. No skal me utvikla ei løysing som gir tilsette effektive arbeidsverktøy, understrekar Svindland. 

Innovasjonspartnarskap

Agderkommunene og Sørlandet sjukehus bruker innovasjonspartnarskap for å skaffa innovative løysingar som ikkje finst i marknaden frå før, men som likevel vil ha moglegheit for integrasjon mot eksisterande løysingar. Denne konkurranseforma vart først mogleg i 2017 i Noreg.

Ordninga skal gjera det lettare for det offentlege og næringslivet å samarbeida om å utvikla ny teknologi og nye løysingar, der bedriftene konkurrer om å laga dei beste løysingane. Agderkommunane samhandlar allereie om fleire innkjøp gjennom Noregs største kommunale innkjøpssamarbeid, Offentlege fellesinnkjøp på Agder (OFA).

Litt historikk

Våren 2021 gjekk innovasjonspartnarskapet i dialog med marknaden og inviterte breitt til eit digitalt møte. Dei forklarte moglege leverandørar kva dei trong og drøfta ulike løysingar. Dei hadde òg hjelp av eit eige leverandørutviklingsprogram som prøvde å kopla leverandørar saman. Dette resulterte i to konsortium (samling av leverandørar) som har levert inn tilbod.

Kommunane i Agder er med i Regional koordineringsgruppe e-helse Agder (RKG e-helse som inngår i #vårtagder). Saman med Sørlandet sjukehus, har dei fått 15 millionar av Innovasjon Norge til å utvikle innovative løysingar for velferdsteknologitenester.

Om RKG e-helse

RKG e-helse er et leiarnettverk som jobbar for ein bærekraftig region med fokus på samarbeid innan e-helse mellom kommunar, sjukehus og fastlegar på Agder. Et innovasjonspartnerskap vil dermed bli en naturleg fortsetting av fellessatsinga med e-helse Agder 2030 «Innbyggarane i Agder har tilgang på enkle, sikre, heilskaplege digitale helse- og omsorgs-tenester».  

 

 

Kontaktar for media:

Bilde

Thomas Andersen og Lars Bakken
Kommunedirektør Camilla B
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker