Kurset inneheld grunnleggande informasjon om skatt, meirverdiavgift, elektronisk innlevering og litt om krav til reknskap. Det passar difor også for dykk som går med tankar om å starta, men som endå ikkje har registrert  organisasjonsnummer i enhetsregisteret.

Kurset varar 4 timar og blir gjennomført anten på kvelds- eller ettermiddagstid. Merk at det er separate kurs for dei to organisasjonsformene enkeltpersonføretak og aksjeselskap. 

Kursa blir arrangert i Kristiansand, Skien, Tønsberg, Drammen, Hønefoss og Fyresdal. For 2019 blir det og planlagt eit nytt kurs i Bø i Telemark i mars.

Stad/dato og høve til påmelding finn de her: www.skatteetaten.no/kurs