Forskningsrådet og Setesdal regionråd inviterar til miniseminar om Skattefunn,-  på Bygland, kommunestyresalen, onsdag 06.06 frå kl 10.00.

Orientering om skattefunn-ordninga, om søkeprosess og kvalifikasjonskrav. Merk at det er eit nytt søknadskjema for i år!

Seminaret er gratis,- og kan fort løne seg!

Skattefunn kan bidra med finansiering når

  • du skal utvikle ei ny eller betre vare, teneste eller produksjonsprosess
  • du har eit målretta og avgrensa prosjekt for å oppnå dette
  • verksemda di har nytte av resultatet

Lær mer om SkatteFUNN og få veiledning til å komme i gang med en søknad!

Gjennom SkatteFUNN kan verksemder få 20 prosent av prosjektkostnadane som skattefradrag gjennom skatteoppgjeret. Gjeng verksemda med underskot og ikkje betalar skatt, får ein beløpet utbetalt. Ordninga gjeld om du utviklar ei ny teneste eller nytt produkt, eller om du utviklar ein ny produksjonsprosess.

For å få et SkatteFUNN-prosjekt må du skrive ein søknad til Forskningsrådet. På dette seminaret får du høyre meir om ordninga, og om du ynskjer vil du også få råd og tips om utforminga av ein søknad. Nytt av året er at det er kome eit enklare søknadsskjema.

10.00-11.30 Gjennomgang av ordninga med vekt på:

  • SkatteFUNN som verkemiddel
  • Kva for aktivitetar kan finansierast
  • Døme på prosjekt
  • Utfylling av søknaden
  • Moglegheiter og begrensningar

11.30 – og utover kan du få hjelp til å komme i gong med eigen søknad.

Siren M. Neset fra Forskningsrådet er seminarhalder.

TID & STAD: Onsdag 6.juni i kommunestyresalen, Bygland.

Påmelding : runar.granheim@setesdal.no innan fredag 1.juni.