Frå måndag 11.mai har regjeringa opna for at elevane på 5.-10 trinn gradvis kan kome tilbake på skulen. Skulane skal opnast seinest fredag 15. mai. Skulen i Valle har stått på for å vere klar til å ta imot elevane allereie til måndag 11.mai.

I Valle skal elevane dei første to vekene på skulen fire dagar i veka. Den siste skuledagen er det fjernundervisning i fag som er meir utfordrande i høve smitteverntiltak. I tillegg vil elevane få ein dag som er noko kortare enn normalt. Plan for når dei ulike klassestega skal vere på skulen er sendt til heimane.  På denne måten sikrar me at smittevernet er  godt ivaretatt og det er trygt for elevar og tilsette å kome tilbake til skulen.

1.-4.trinn går på skulen på full tid slik dei har gjort sidan 27.april.

Kommunen har som mål at skulen skal opne på full tid for alle etterkvart. Dette kjem det informasjon om når det er klart.

 

Rettleiarar 

Myndigheitene presenterte 20.april rettleiarar om smittevern. Då blei det kjent at elevene i 1. til 4. trinn skulle tilbake på skulen frå 27. april. Desse blei oppdatert 7. mai.

I rettleiarane vert det slått fast at skulane er viktige for barns læring, omsorg og utvikling, og at det derfor er viktig at elevane kan gå på skulen samtidig som me tek omsyn til smittevern.

Vidare vert det gitt eksempel på kva som kan gjerast for å førebygge smitte. Eksempel er god handhygiene, reingjering og samling i faste grupper. 

Det vert gitt eigne råd for faga gym, musikk, mat og helse og kunst og handverk.

Rettleiarane har og ein detaljert gjennomgang av når elevar, føresette eller tilsette ikkje skal være på skulen eller SFO.