Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skulestart Valle skule 18.08.2022

Publisert
Skulestart 1 klasse 2022-2023

Torsdag denne veka var det var skulestart for mange barn og ungdomar i heile Noreg  og slik var det for elevane i Valle kommune og.

Skulestart i 1. klasse er ein merkedag. Overgang frå barnehagen til skulen kan vere spennande, litt skummelt og men som oftast er barna fulle av forventningar. Mange har litt sommarfuglar i magen og det er lov.

På Valle skule starta 15 flotte førsteklassingar. Det om lag dobbelt så mange som siste års første klassar. Ein god blanding av gutar og jenter fekk plass i skulens største klasserom og kom fort i gong med leike, skrive og leseaktivitetar. Tid til uteskule og aktivitetar blei det og.

Det er ikkje berre 1 klasse elevane som hadde sin første skuledag på ny skule i dag. Ungdomstrinnet fekk ein ny 8 klasse med flotte ungdomar. Dei har gått saman på barneskulen og er godt kjende med kvarandre, lærarane og skulebygget, men det er likevel noko spesielt å begynne på siste etappe av grunnskulen.

Skulekvardagen i Valle skal vere prega av tryggleik, trivsel og godt miljø. Skulen har fokus på god vaksentettleik, tydelege og varme vaksne, relasjonsarbeid i tillegg til tradisjonelle fag som står på timeplanen. Gjennom dette skuleåret skal vi arbeide med fleire tverrfaglege tema som Framtida mi og eg, Setesdalsfolk og ikkje mist Livsmeistring.

Vennskap er viktig og i skulekvardagen skal vi alle passe på at alle har det bra! Det er fleire nasjonalitetar i elevgruppa, ulike kulturar, ulike språk, kjønnsidentitet og familiesituasjonar. Mangfaldet er viktig og det handlar om å kunne møte menneske som den ein er utan å oppleve diskriminering. Gjennom arbeidet med å inkludere vil skulen  leggje til rette for at alle har like høve for å lukkast gjennom å motivere, leggje til rette og følgje opp kvar elev ut frå sine behov.

 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker