Det er påvist covidsmitte hjå to tilsette i pleie og omsorg i Valle. Begge er fullvaksinerte. Alle nærkontakter er identifisert.  Andre tilsette og bebuarar på heimen vil bli testa jamleg frametter. 

Vi oppmoder innbyggjarane til å halde seg heime ved sjukdom og ha låg terskel for å teste seg ved symptom.