Alle som skal ut å gå basse vert oppmoda til å vere med personar dei omgår til vanleg. Det er viktig at alle som er med er friske, vaskar hendane og ikkje deler godteri. Ute er det god plass og enkelt å halde avstand.
Råd for bassar:
FHI har laga ei liste med råd, og så lenge desse vert fulgt ser ein smitterisikoen som ganske låg:
- Både den som ringer på og den som opnar døra må vere friske
- Gå i små grupper og med dei du er saman med til vanleg.
- Hald avstand til andre grupper dersom det skulle vere «kø» utanfor enkelte hus.
- Den som opnar døra, er den som deler ut godteri. Hugs reine hender, eller bruk skei/pølseklype.
- Vent med å ete godteri til runden er ferdig og du har fått vaska og sprita hendene.
- Ikkje del godteri
Ha gjerne ein vaksen med på runden; dei kan sikre både smittevern og trafikksikkerheit i mørket.