Kommunestyre vedtok 27.05.2020 ny plan for bruk av motorkøyretøy i Valle kommune for perioden 2020-2024. Nytt frå i år er at man kan søke om snøskuterløyve til hytte som ligg mindre enn 2,5 km frå brøyta bilveg. Dette betyr at det ikkje er nokon avstandsgrense for å kunne få snøskuterløyve til hytte.

Alle tidligare tildelte snøskuterløyve gjekk ut 1. mai i år. Ny søknad om snøskuterløyve til hytte etter § 5c må sendast til kommunen innan 15.10.2020. Løyve etter § 5c gjeld transport av bagasje og utstyr til hytte. Det kan etter forskrifta berre gjevast løyve til hytteeigaren, som omfattar eigaren sin næraste familie (ektefelle/sambuar, barn/svigerbarn og foreldre).

Det er viktig at dei som søkjer om snøskuterløyve med bruksrett til hytte sender med kopi av avtalen. Avtalen må vere ein skrifteleg og ha ein avtaleperiode på minst eitt år.

Søknad om ervervsløyve etter dei 13 løypetraseane må sendast inn på eige skjema innan same frist. Dei som har hatt ervervsløyve i perioden 2016-2020 må levere med oversikt over aktivitetane for denne perioden.

 

Søknadsskjema finn du under:

 

Plan for bruk av motorkøyretøy i utmark 2020-2024

Søknadsskjema for snøskuterløyve i Valle kommune 2020-2024

Søknadsskjema for ervervsløyve for snøskuter i Valle kommune 2020-2024

Søknadsskjema for motorferdsel i verneområde SVR