Slik søkjer du:
Dersom du har utdanning og/eller erfaring som tilseier at du kan oppføre bustad sjølv, så kan du søkje om dette ved å nytte deg av fylgjande skjema:
Søknad om personleg ansvarsrett som sjølvbyggjar
Sjølvbyggjaren kan innhente kompetanse på områder han sjølv ikkje beherskar. Det vesentlege er at arbeidsoppgåvene vert utført i tråd med regelverket.
I tillegg må du sende inn dokumentasjon som viser at du har utdanning innan bygg eller erfaring frå tidlegare arbeid/prosjekt og som bevis at du kan stå ansvarleg for fritidsbustadoppføringa.
Du må også sende inn:
- Fylgjebrev
- Søknadsskjema
Søknad om løyve til tiltak
Opplysningar om ytre rammer for tiltaket - Nabovarslingsskjema
- Bustadspesifikasjon i Matrikkelen
- Situasjonskart med innteikna bygg. Bygget må vere målsett og avstander skal teiknast inn (for eksempel avstand til nabogrense/avstand til næraste bygning/avstand til næraste vasskjelde)
Det må kome fram av situasjonskart korleis parkering og tilkomst er tenkt. - Plan, snitt og fasadeteikningar
- Søknad om dispensasjon (dersom naudsynt)
- Søknad om avkøyringsløyve (dersom naudsynt)
Situasjonskart
Her kan du inn på kommunens kartløysing og lage situasjonskart sjølv:
Her kan du bestille situasjonskart, planrapport, reguleringsplankart med føresegner, kommuneplankart og områdeanalyse.
Søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve
Når tiltaket er ferdig, må ansvarleg sende inn søknad om ferdigattest, samt gjennomføringsplan. Skjema for søknad om ferdigattest finn du her: Søknad om ferdigattest
Skjema for gjennomføringsplan finn du her: Gjennomføringsplan