Dersom du skal endre tiltaket, kan det vere søknadspliktig.
Dersom endringa er søknadspliktig, bruk blankett 5168.

Dersom du skal søke om endring av gjeve løyve, må du varsle naboar om att. Berre innvendig arbeid er unnateke nabovarsling. Det kan likevel vere naudsynt med varsling i slike tilfelle også, alle tiltak er ulike. Er du usikker, ta kontakt med byggjesakshandsamar.
Her finn du nabovarslingsskjema

I søknad om endring må det kome fram av søknaden, kva endringa gjeld.

Er det under bygging utført ikkje-søknadspliktige endringar, må det liggje ved oppdatert dokumentasjon (situasjonskart, teikningar eller anna) som syner kva som er utført, saman med søknad om ferdigattest.

Søknad om ferdigattest

Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest.

Skjema for søknad om ferdigattest finn du her:
Søknad om ferdigattest

 

Er tiltaket belagt med ansvar, må det også leggast ved gjennomføringsplan ved søknad om ferdigattest.

Skjema for gjennomføringsplan finn du her:
Gjennomføringsplan