Søkjer du RMP-tilskot for fyrste gong, tilrår vi at du søkjer produksjonstilskot minst ein dag føre. Då vil eigedomane du søkte produksjonstilskot for alt vere utfylt.

Dersom du har ein godkjent RMP - søknad frå 2013, vil eigedomane frå denne vere førehandsutfylt på eigedomslista i Altin/eStil.

Fylkesmannen skal ha sendt ut søknadsskjema og informasjon om korleis du søkjer elektronisk til alle som mottok produksjonstilskot i fjor. Denne informasjonen finn du også på Fylkesmannen si nettside.

Treng du hjelp til søknaden din kan du ringe Gunn Marith Homme på telefon 37937520 / 91837000. Du kan enten få hjelp på telefon eller du kan tinge time til å få kome på kommunehuset for å få hjelp. Grunna ferieavvikling og møteverksemd vil det ikkje bli høve for hjelp i tida frå måndag 11.08 til og med tysdag 19.08. Vil difor tilrå at de tek kontakt før 11.08. for å vere sikker på å få hjelp før søknadsfristen som er 20.08.