Søknadsfrist for Bjørnarågåva 15. november
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Bjørnaraagåva" frå Torgeir Bjørnaraa til minne om foreldra hans, Tora og Dreng Bjørnaraa, og "Setesdalsgåva" frå valldølar i Amerika vart i 1991 slegne saman til eit legat. Den årlege avkastinga av dette utgjer utdannings- og kulturgåva, og er eit legat for alle som er fødde eller busette i Valle eller Bykle kommunar, og er under 30 år. Målsetjinga er å stø ungdom som arbeider med gransking av tema som gjeld Setesdal og/eller Setesdalskulturen, og å utvikle tradisjonsberarar innan kunst og kultur.