Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sommaraktivitetar i SFO

Når skulen sluttar og tar sommarferie er det mange born som held fram med å vere i SFO. I SFO møter ein vener og har tid til å gjere det ein har lyst til. SFO har ope frå skulen sluttar til nytt skuleår startar opp att i august, bortsett frå 3 veker ferie i juli. Ferie må jo alle ha, barn og vaksne.

Tradisjonen tru så avslutta alle «SFOarane» skuleåret med å overnatte i SFO. Spente og glade barn, madrassar, soveposar, godteri og klede overalt er eit godt teikn før natta kan starte og alle skal sove. Det blei litt søvn på dei fleste, men kanskje ikkje som heime. Ein ting som er heilt sikkert er at alle opplevde meistring over å ha overnatta utan mamma og pappa og vi er sikre på at dei fleste gler seg veldig til neste overnatting.

SFO skal fremje god fysisk og psykisk helse og bidra til at borna opplever glede og meistring. Meistring er det nok mange som har kjent på desse vekene. I samarbeid med Bratt friluftsliv har SFO vore på fjelltur til Håhelleren, på gardsbesøk og leita etter egg som fjøsnissen hadde gøymt og ikkje minst så har borna klatra i Brattløa i Valle sentrum. Å henge høgt og streve etter å nå neste klatretak og til slutt nå toppen, er ein sann glede. Vi har mange gode klatretalent i Valle og SFO kjem til å nytte tilbodet så ofte ein kan.

Alle tilsette på SFO ønskjer alle born ein fint ferie og så ser vi fram til å treffe alle igjen 1. august til nye aktivitetar og utfordringar!

Bilde

Skule og SFO 1
Naturbilde SFO
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker
Skule og SFO 3

Sist oppdatert 08. august 2022