Om arbeidet

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særlig engelsk er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesvalg. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåvar når det er lite besøk.

Ved Sylvartun ynskjer me å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk. Nytt i år er at Setesdalsmuseet også skal drifte Evje mineralsti som ligg i lia nedanfor Flåt gruver. Er du interessert i mineralar og geologi, er dette ein spennande arbeidsplass.

 

Antrekk og opplæring

Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/fleecejakke) som skal brukast. For museumsvertar i Bykle gjeld at jenter brukar kvit stakk. Me oppmodar dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det. 

Relevante søkarar kan bli kontakta for intervju. 

Det vil verte kalla inn til ein dags obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant. Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommersesongen vert prioriterte.

 

Kontaktinformasjon

Museet kan vere behjelpeleg med å formidle kontakt dersom det skulle vere behov for leige av husvære.

Løn etter offentleg regulativ. 

Nærare opplysningar når du på tlf. 379 36 303 eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

 

Søknad, søknadskjema med CV, attestar og vitnemål skal sendas til:

Setesdalsmuseet, Postboks 24, 4748 Rysstad eller post@setesdalsmuseet.no

 

Søknadsfrist 31. mars 2020