Med Sverre Rinden og Marianne Brenna i spissen hadde nokre i tilsettegruppa førebudd lunsjen med velsmakande grillmat og mykje anna godt attåt. Endåtil kake vart det diska opp med. Det vart med andre ord alt anna enn ein ordinær kommunal lunsj. Eininga for teknisk er sentral i mykje av den kommunale verksemda og syter m.a. for reinhaldet og drifta av alle kommunale bygg og anlegg, ei mengd med forvaltningsoppgåver, planarbeid og næringsutvikling. Jobben som teknisk utfører er heilt avgjerande for at kommunen kan levere bra på dei andre tenesteområda.

 

Det var tydeleg at maten smaka. Praten rundt bordet flaut lett og låtten sat laust denne tysdagsføremiddagen. Slikt gjer godt for samhald og arbeidsmiljø. Tilsette på teknisk fekk også med seg ei velfortent helsing med takk for vel utført arbeid og ynskje om god sommar frå kommuneleiinga.