Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Sprekleiken med Kjetil Àndre Aamodt laurdag

Publisert , Oppdatert 05. november 2015
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sprekleiken 2015

Sprekleiken, uformell tevling med ikkje heilt tradisjonelle øvingar. Sprekleiken er blitt ein årviss tradisjon i Valle IL og kvart år inviterer vi med ein utfordrar til deltaking i løypa. 7. november står den tidlegare alpinisten Kjetil Andre Aamodt på startstreken i Vallehalli. Kjetil Andrè Aamodt har ei imponerande merittliste frå alpin- sirkuset: 3 olympiske gullmedaljar i super G i tillegg til fleire sølv og bronsemedaljar i store meisterskap. Kven sikrar seg "gulllmedaljen" i årets Sprekleik? Tek du utfordringa?
Påmelding til post@Valle-il.no innan 3. november. Etter tevlinga vert det foredrag med Kjetil Andrè. Tevlinga tek til kl. 12 . Møt fram i god tid! Valle IL arrangerer basar under tevlinga. Foredrag: Kjetil Andrè held foredrag i Storstoga om prestasjonskultur, team og leiing og vi er sikre på at han har eit par gode historiar frå tida med romkamerat Lasse Kjus. Vel møtt til ein spennande dag! Inngong foredrag: kr 100 pr. pers over 18 år. Skuleelevar og studentar gratis

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker