Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

STÅR DU I MANNTALET?

Publisert , Oppdatert 01. august 2017
Denne artikkelen er over 3 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Forsidelogo val_400

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved valet i september. Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn fom. 31. juli til 11. september på desse stadene: Velkomstsenteret, Valle kommunehus og Coop Hylestad. Har du nyleg flutt til kommunen og folkeregisteret har tatt i mot flyttemelding frå deg innan 30. juni 2017, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Blei flyttemeldinga mottatt etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flutte frå. Du kan då velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand. Dersom du meiner sjølv, eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve. Adressa til valstyret er: Valle kommune, p.b. 4, 4747 Valle.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker