Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Status skogbrann og info om luftforureining ved skogbrann pr. 14.07.18

Publisert
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I samband med fleire skogbrannar i området er det ein del røykutvikling. Kriseleiinga har saman med kommuneoverlegen og politiet hatt eit møte for å vurdere situasjonen. Kommunen følgjer situasjonen nøye og har løpande kontakt med både kommuneoverlege, politi og brannvesen.

 

For friske folk er det ingen helsefare slik situasjonen er no sjølv om ein kan kjenne seg plaga (eks. svie i halsen)

 

Når det gjeld dei som td. Har kols, astma, lungesjukdom vert det tilrådd at dei held seg mest mogleg innandørs. Dersom dei opplever forverring av symptom er det låg terskel for å kontakte legevakta på telefon 116117.

 

Om natta når det er lågare temperatur så legg røyken seg nede i dalen og det kan virke som at det brenn meir. Det er ikkje nødvendigvis tilfelle. Utover dagen vil røyken stige opp.

 

Dersom situasjonen endrar seg vil kommunen legge ut meir informasjon.

 

Litt informasjon om luftforureining og helseskader av svevestøv finn du her:

https://www.fhi.no/ml/miljo/luftforurensninger/skogbranner-luftforurensning-og-helseskader-av-svevestov

 

Rådmann Aud Sunniva Fuhr

 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker