Status smittesituasjonen pr. 17.01.2022 og stengt kommunehus

Positive nyheiter er at det ikkje har vore positive lokale tilfeller i Valle sidan 07.01. Alle involverte har gjort ein framifrå innsats i høve smittesporing, testing osb.

Sjukehuset har slutta å teste om det er delta eller omikronvarianten då ein reknar med at alle positive testar er omikron.

Det vart ingen endring/lettelsar i dei nasjonale retningslinene i høve heimekontor. Arbeidsgjevar er difor framleis pålagt å legge til rette for heimekontor. Med bakgrunn i dette vil kommunehuset framleis vere stengt for publikum fram til og med 31.01.2022. Det vil heller ikkje vere høve for eksterne å nytte møterom på kommunehuset i denne perioden. Ny vurdering om opning vil bli gjort etter neste pressekonferanse frå regjeringa om 14 dagar.

 

Opdpaterte nasjonale retningsliner finn du HER

Status smittesituasjonen pr. 07.01.2022 kl. 15.00 og status vaksinering

Smitten har vore låg den siste veka med totalt 3 smittetilfelle, den eine var turist. 

Alle smitta sidan 06.12 er omikron. 60 totalt som har vore smitta i kommunen.

 

SATISTIKK VAKSINERING I VALLE KOMMUNE:

  • 896 personar over 18 år har fått 1.og 2.dose. (kilde fhi pr 7.1.22), Det skal gå 20 veker mellom 2. og 3. dose.
  • 540 personar har fått oppfriskningsdose pr 14.1.22 I tillegg kjem nokre personer som oppholder seg mellombels i kommunen og pendlarar.
  • 66 personar har takka nei til vaksina. ( kilde folkeregisterliste for eitt år sidan). Har ikke oversikt over andre som oppheld seg i kommunen.

 

Då vaksinering er vegen ut av denne pandemien oppoder vi alle til å ta vaksina. Ynskjer du å ta vaksina kan du ta kontakt med legekontoret på telefon 379 37 540.

Smittesituasjonen pr. 04.01.2022 kl. 16.30

Kommuneoverlegen melder om 3 nye positive tester i dag. 

Vi minner alle om å bruke munnbind innandørs, berre gå ein eller to frå kvar hushaldning samtidig på matbutikken, og å halde seg heime ved sjukdom. Ha låg terskel for testing ved symptom, og ha minst mogleg nærkontakter slik at vi kan få stoppe smitten.

Smittesituasjonen pr. 02.01.2022 kl. 22.00

Ein ny positiv hurtigtest i kveld. Ikkje uventa då vedkomande sat i karantene.

Smittesituasjonen pr. 31.12.2021 kl. 14.30

3 nye positive hurtigtester i dag.
Seint i går etter oppdateringa 22.30 kom det ein ny positiv slik at totalt posititve tester i går vart 9.
 
Det er totalt stadesta 24 omikrontilfelle.
 

Minner alle om å bruke munnbind innandørs, berre gå ein eller to frå kvar hushaldning samtidig på matbutikken, og å halde seg heime ved sjukdom. Ha låg terskel for testing ved symptom, og ha minst mogleg nærkontakter slik at vi kan få stoppe smitten.

Smittesituasjonen pr. 30.12.2021 kl. 22.30

2 nye positive hurtigtester i kveld. Totalt 8 positive hurtigtester i dag.

Smittesituasjonen pr. 30.12.2021 kl. 13.30

 

Kommuneoverlegen melder om 6 nye positive hurtigtester.  

Minner alle om å bruke munnbind innandørs, berre gå ein eller to frå kvar hushaldning samtidig på matbutikken, og å halde seg heime ved sjukdom. Ha låg terskel for testing ved symptom, og ha minst mogleg nærkontakter slik at vi kan få stoppe smitten.

Smittesituasjonen pr. 30.12.2021 kl. 08.00

Ingen nye meldte smitta sidan i går kveld.

Totalt 16 smitta med omikronvarianten. Det er førebels ikkje rapportert om alvorleg sjukdom. 

Det er høg aktivitet med vaksinering på legekontoret denne veka som er veldig bra då vaksinering er vegen ut av pandemien.

 

 Får du symptom i løpet av nyttårshelga så skal du halde deg isolert der du er fram til legekontoret opnar og du får teste deg. Har du tatt hurtigtest og den viser positiv skal det meldast til kommuneoverlege Benedicte Severinsen på telefon: 90205152.

Valle kommune følgjer nasjonale retningsliner og alle tilsette i skule og barnehage, samt elevar har fått melding om å teste seg før oppsart.

Smittesituasjonen pr. 29.12.2021 kl. 21.30

I løper av dagen er det tre nye som har testa positivt på hurtigtest. Dette er familiemedlem som alt er i karantene så det var ikkje uventa.

I tillegg er det kome tilbake prøvesvar på 9 PCR testar frå i går og alle desse var positive på omikron.

Smittesituasjonen pr. 28.12.2021 kl. 22.00

Har fått melding om ein ny positiv hurtigtest i dag. Det var ein ikkje uventa positiv test då vedkomande sat i karantene.

4 PCR tester er kome tilbake positive og alle desse er omikron. 

Smittesituasjonen pr. 28.12.2021 kl. 08.00

Det vart meldt om 8 nye positive hurtigtester i går.  Alle skal ta PCR i dag som vert sendt til analyse. To av dei som testa positivet er hytteturistar og har reist fra Valle, medan dei andre 6 er innbyggjarar og sit i isolasjon her. 

I perioden frå 6.12 fram til 27.12 har Valle kommune hatt 31 smittetilfelle.

 

Vi oppmoder innbyggjarane og dei tilreisande å ha låg terskel for testing ved symptom, og ha så få nærkontakter som mogleg slik at vi kan få stoppe smitten.

Smittesituasjonen pr. 27.12.2021

Det er totalt 10 nye smitta i Valle. Dei smitta er sett i isolasjon og har fått råd og rettleiing av smittesporingsteamet. Førebels er det ingen nye smitta med omikron. Smittesporingsteamet har jobba gjennom heile jola og har gjort ein veldig god jobb.

 

Dersom du tester positivt på ein hurtigtest, må du ta kontakt med legekontoret for å få tatt ein PCR test som blir sendt til analyse. Dersom du testar deg på ein raud dag og legekontoret er stengt må du ringe kommuneoverlegen på telefon 90205152. Kommuneoverlegen vil då gje deg informasjon om isolering, kva du må og ikkje må dei neste dagane. Straks etterpå vil du bli kontakta av ein frå smittesporingsteamet som treng informasjon om dine nærkontakter for smittesporing. Så snart legekontoret opnar att må du ta PCR test.

 

Minner alle om å bruke munnbind innandørs, berre gå ein eller to frå kvar hushaldning samtidig på matbutikken, og å halde seg heime ved sjukdom. Ha låg terskel for testing ved symptom. 

Status på smittesituasjonen pr. 24.12.2021

Som forventa, er det no påvist omikron også i Valle. Vi har førebels to tilfelle. Vi forventer at omikron tek over for deltavarianten. Det kan og kome andre mutasjonar. 

Det viktigaste tiltaket for å hindre smitte og alvorleg sjukdom, er boosterdose av vaskina. Vi omppmoder alle innbyggjarane våre til å takke ja til dette når dei får tilbodet.

 

Minner alle om å bruke munnbind innandørs, berre gå ein eller to frå kvar hushaldning samtidig på matbutikken, og å halde seg heime ved sjukdom. Ha låg terskel for testing ved symptom.

Ynskjer samstundes alle ei god jol og ta godt vare på kvarandre!

Status på smittesituasjonen pr.20.12.2021

Status pr. 20.12: Ein person som sit i isolasjon Dette var eit forventa tilfelle der vedkomande alt var i karantene.

 

Vi oppmoder alle til å følgje nasjonale retningsliner.  Viktigast: Hald deg heime om du er sjuk, og ha låg terskel for å teste deg ved symptom.

Stauts på smittesituasjonen pr. 15.12.2021

Onsdag 15.12 testa ein ny tilsett i Hylestad barnehage postiivt på hurtigtest. Vi får svar på PCR i dag. Grunna dei nye reglane er fem andre tilsette i barnehagen sett i karantene, og barnehagen har ikkje nok personal til å drifte i dag. Dersom svaret vert stadfesta positivt, har dei heller ikkje nok personale til å halde ope i morgon.

 

Dersom ikkje fleire tester positivt i løpet av helga, kan barnehagen opnast att på måndag.

 

Status på smittesituasjonen pr. 14.12.2021

Alle hurtigtester som har vore positive er bekrefta positive med PCR.

 

Viktigste no er:

  • Sei ja til vaksine
  • Hald deg heime og test deg når du er sjuk

 

Valle kommune følgjer nasjonale retningsliner og har pr. dd ikkje eigne forskrifter.

Dersom nokon har spørsmål, kan de ta kontakt med kommuneoverlege Benedicte Severinsen på telefon: 90 20 51 52

Nye nasjonale retningsliner

Regjeringen presenterte nye nasjonale retningsliner i pressekonferanse 13.12.21. Retningslinene gjeld frå kl 24.00 natt til 15. desember. 

Sjå sida til regjeringa for meir informasjon

Avstand og sosial kontakt

  • Alle bør halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære
  • Tilrådinga om 1 meter avstand gjeld ikkje på fritida for barn i barnehage- og barneskolealder
  • Det er også unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn og unge og sårbare grupper.
  • Personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp og uvaksinerte bør skjerme seg (nytt)
  • Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand. Ein kan ha inntil 20 gjester ei gong i løpet av jule- og nyttårshøgtida, men det bør vere ein meter avstand mellom gjestene. Alle må tenke gjennom kor mange nærkontakter ein har samla sett
  • Barn i barnehagar og barneskolar kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling, sjølv om det overstig tilrådd tal på gjester
  • Reduser talet på nærkontakter, men ikkje isoler deg
  • Treff andre utandørs når det er mogleg

Organiserte fritidsaktivitetar

Barn og unge

  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskolealder kan ha organiserte fritidsaktivietar, som til dømes fotballtrening eller korpsøvelse, men det blir tilrådd avgrensingar i kor mange som kan vere med. Om aktiviteten er innandørs bør det vere maks 20 stykke, med mindre alle deltakarane er frå samme kohort i skole eller barnehage (nytt)
  • Barn og unge i barnehage- eller grunnskolealder kan trene eller øve saman, men ein tilrår ikkje å ha cuper, kampar eller turneringar der barn frå ulike stader blir samla (nytt)

Vaksne

  • Ein tilrår å utsette eller avlyse gjennomføring av arrangement tilknytta organiserte idretts- og fritidsaktivitetar på tvers av ulike grupper, både ute og inne (nytt)
  • Vi tilrår å utsette eller avlyse organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne som føregår innandørs
  • Vaksne kan trene eller ha andre organiserte fritidsaktivitetar utandørs, men det er tilrådd å vere maks 20 personar og halde meteren

For alle

  • Ein oppmodar alle til å kome seg ut i frisk luft, men det er viktig å halde god avstand til kvarandre, også når ein er ute
  • Garderobar kan haldast opne dersom det er mogleg å organisere bruken slik at trengsel og tett kontakt mellom personar kan bli unngått. Om opne garderobar fører til trengsel, blir det tilrådd å halde garderobane stengt for ordinær bruk, men likevel slik at toalett og handvaskfasilitetar er tilgjengeleg dersom dette ikkje finns andre stader i lokala

Skolar, barnehagar og SFO

  • Det blir innført nasjonalt gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskolar. Lokale bestemmelsar om raudt tiltaksnivå går føre nasjonalt bestemt gult nivå (nytt)
  • Det blir innført nasjonalt raudt nivå på vidaregåande skolar og for vaksenopplæring (nytt)
  • Grunnskolar og barnehagar må sørge for å ha beredskap for rask overgang til raudt nivå (nytt)
  • Krav til universitet, høgskolar og fagskolar om å legge til rette for digital undervisning, ferdigheitstrening og eksamen så langt det er mogleg (nytt)
  • Det kan bli arrangert samankomster for barn i barnehage eller barneskole med heile klassar/avdelingar/grupper med naudsynt tal vaksne til stades

Arbeidsliv

  • Alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor (nytt)
  • Heimekontor og munnbind gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre naudsynte og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge
  • Tilråding om 1 meter avstand
  • Tilråding om munnbind om det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar som bruk av skilleveggar eller liknande
  • Påbod om å bruke munnbing gjeld i enkelte publikumsretta delar av arbeidslivet (Sjå meir lenger nede)

Forskriftsfesta tiltak

Arrangement og samankomster

Det blir tilrådd å redusere talet på nærkontakter. Meir tid bør brukast heime. Det betyr at ein også må avgrense talet på besøk, sosiale samankomster og arrangement ein deltek på. (nytt)

Det blir tilrådd å unngå bruk av kollektivtrafikk for å komme deg til arrangement. (nytt)

For arrangement gjeld desse reglane:

  • Maksimalt 20 personar innendørs på privat samankomst på offentleg sted, i lånte eller leigde lokale.
  • Minnestundar etter gravferder og bisettelsar kan ha maksimalt 50 personar innandørs og utandørs. Sjølve gravferda blir rekna som eit offentleg arrangement, sjå nedanfor.
  • Maksimalt 20 personar på offentlege innendørs arrangement utan faste tilviste sitteplassar og 50 personar ved bruk av slike sitteplassar. (nytt)
  • Arrangøren skal sørge for at alle som er til stades ved innandørs arrangement skal kunne halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i samme husstand eller er tilsvarande nære. Det blir gjort unntak for fleire grupper, m.a.. for utøvarar på kultur- og idrettsarrangement, deltakarar på enkelte kurs og dei som er i samme kohort i barnehage eller barneskole
  • På innandørs arrangement der alle i publikum sit på faste tilviste plassar er det tilstrekkeleg avstand dersom arrangøren legg til rette for at publikum har minst eitt ledig sete mellom seg på samme seterad frå dei kjem til arrangementet. Personar frå samme husstand kan sette seg nærare kvarandre etter ankomst
  • På utandørs offentleg arrangement: Inntil 100 personar utan faste, tilviste plassar og inntil 200 x 3 med faste, tilviste plassar. (nytt)
  • Arrangørar skal sørge for ei oversikt over kvar det enkelte publikum eller gjest sit ved offentlege arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitteplassar. (nytt)
  • Skjenkestopp på arrangement med skjenkeløyve, inne og ute. (nytt)
  • Munnbind blir påbode også innandørs på arrangement. (nytt)
  • Ved kyrkjevandring i kristne trussamfunn kan nye deltakarar blir slepte inn kontinuerleg når nokon går ut. Tilsvarande untak vil bli gitt for viktige høgtider for andre trussamfunn dersom smittesituasjonen gjer det naudsynt med fortsatt strenge tiltak. (nytt)

Serveringsstader

  • Påbod om at serveringsstaden skal sørge for at alle kan halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Det skal vere minst 1 meter avstand mellom sitteplassane når gjestene kjem, likevel slik at personar i samme husstand eller tilsvarende nære kan sette seg nærare kvarandre.
  • Skjenkestopp, inne og ute. (nytt)
  • Serveringsstader skal ikkje gjennomføre aktivitetar som naturleg inneber mindre avstand mellom gjestene enn 1 meter. Dette vil typisk vere dansing (nytt)
  • Serveringsstader med skjenkeløyve skal ha sitteplassar til alle gjester, men det er ikkje eit krav ved kulturarrangement på serveringsstaden.
  • Serveringsstaden skal registrere kontaktopplysningar til gjester som samtykker til det.
  • Serveringsstad skal ikkje ha servering for innandørs privat samankomst med fleire enn 20 personar inne og 50 ute. Reglane for private samankomster gjeld ikkje på serveringsstad. Serveringsstaden skal ivareta smittevernet (nytt)

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Påbod om smittevernfagleg forsvarleg drift for barnehagar, skolar og annan opplærings- og utdanningsverksemd
  • Fornøyelsesparkar, leikeland, spillehallar og liknande skal halde stengt. (nytt)
  • Svømmehallar, badeland, spaanlegg og hotellbasseng, og treningssenter kan kun halde oppe for: (nytt)
    • individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det haldast 2 meter avstand.
    • skolesvømming, svømmekurs, svømmetrening og konkurransesvømming med arrangør.
    • rehabilitering og opptrening som blir tilbode individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
    • annan individuell behandling som ein kan bestille time til og der bad er ein del av behandlinga.
  • Følgjande verksemder skal bli drivne smittevernfagleg forsvarleg for å kunne halde ope: Bibliotek, museer, bingohaller, svømmehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, midlertidige marknader og liknande.
  • Dette inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meter avstand til personar som ikkje er i samme husstand eller tilsvarende nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.
  • Med unntak av bibliotek, museer, butikkar og kjøpesenter skal verksemdene registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.
  • Bransjerettleiarar bør blir innført att for bl.a. treningssenter og svømmehallar. Det betyr i praksis at det blir strengare krav til smittevern.

Munnbind

  • Påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde. Påbodet gjeld og for tilsette med mindre det er tatt i bruk fysiske barrierar.
  • Munnbindpåbod gjeld også hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder.
  • Munnbindpåbod gjeld og på innandørs arrangement, i bibliotek og i museum. (nytt)
  • Munnbindpåbodet gjeld ikkje medan ein sit ved eit bord på serveringsstad (gjeldande) eller et mat eller drikk sittande. (nytt)
  • Det er allereie nasjonal tilråding om å bruke munnbind der det er mykje folk og vanskeleg å halde avstand, til dømes når du skal hente jakka di etter eit arrangement samstundes med mange andre eller på veg ut av ein fotballstadion.

Heimekontor

  • Påbod om at arbeidsgjevarar sørger for at tilsett arbeider heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg ikkje til hinder for viktig og naudsynt verksemd på arbeidsplassen, blant anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper. (justert)

Karantene

  • Felles reglar for isolasjon og karantene uavhengig av virusvariant. Karanteneplikt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære med moglegheit for å teste seg ut etter 7 dager. Øvrige nærkontaktar kan teste seg ut etter 3 dagar, men framleis vere i fritidskarantene til negativ test etter 7 dager. (nytt).