Har de spørsmål i høve søknaden din kan du ta kontakt med Gunn Marith Homme på telefon 37937520 eller 91837000
Statusoppdatering - handsaming av søknader om snøskuterløyve
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Pr. dd har Valle kommune motteke ein stad mellom 500-600 søknader om løyve til snøskuter så det vil ta litt tid å handsame alle.
Alle søknadar som er motteke hjå oss innan 15.10 er garantert å få svar innan 31.12. Søknadar kome inn etter 15.10 er ikkje garantert å bli handsama før nyttår, men vi tek dei fortløpande når alle andre er ferdige. Slik det ser ut no vil alle "kurante" søknadar vi har motteke til no få svar før 31.12.
Dei av dykk som har oppgjeve e-postadresse i søknaden vil få løyvet tilsendt på e-post. Hugs å sjekke "søppelmail" då e-postar frå kommunen erfaringsvis av og til har hamna der. Dei av dykk som ikkje har oppgjeve e-postadresse vil få løyvet tilsendt via altinn, digital postboks eller via brev i posten.