Det er gjort endringar i reguleringsplanen som opnar for både større tomter, hybel og solcellepanel.

Dei største tomtene for einebustader ligg på austsida av feltet med en tomtestorleik frå 1.2 – 1.4 daa. På desse tomtene opnar planen for at ein kan bygge inntil BYA = 250kvm inkl. 70kvm garasje. Garasjen kan og koplast saman med primærbygninga.

På desse tomtene vert det tillete med hybel inntil 80kvm i primærbygninga.

 

Tomtene som ligg på vestsida av feltet er stort sett dei same som i opphavleg plan, men det er lagt til rette for solcellepanel på alle tak. På vestsida av feltet er det tillete å byggje små einebustader eller bygg med 1-3 einingar på tvers av tomtegrensene.

 

For spørsmål eller interesse, ta kontakt med Plan- og næringsrådgjevar Kay Arne Søgård.

Mobil: 48358522

E-post: kay.sogard@valle.kommune.no