Egil og Tove Hilde Åmli tok i mot dei tre Sp-politikarane på garden på Hedde. Tove Hilde fortalde om ambulansetenesta og synte fram den nye og moderne ambulansen ho og dei andre i ambulanseselskapet Valle Ambulanse AS har kjøpt inn. Egil var guide i sauefjoset der noko over 200 vinterfora sauer tyktest trivast rektig så godt i omgivnader prega av imponerande orden og system. Delegasjonen fekk ei orientering om drift og utfordringar, og Egil gav tydeleg uttrykk for at dei økonomiske rammevilkåra er viktige for å sikre at unge vil inn i yrket. Deretter bar det det til Hasla i Valle sentrum med omvising i butikk og produksjonslokale på menyen. Ørnulf og Grete har 40-årsjubileum for verksemda i år, og med å byggje stein på stein gjennom skiftande konjunkturar har familieverksemda vakse fram til ei bedrift både kommunen og lokalsamfunnet er stolte av å ha i bygda.

 

Før Mykjåland, Drivenes og Tyldum reiste nedover Setesdal vart det tid til ei samling i kommunestyresalen med ordførarane i Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Kommunedirektøren i Valle og dagleg leiar i Setesdal interkommunalt politiske råd deltok også, og på eit kort, men effektivt møte fekk setesdølane høve til å orientere om viktige saker for regionen framover. I og med at det nyleg er sendt søknad om pilotstatus for ein bygdevekstavtale mellom Setesdal og kommunal- og distriktsdepartementet, var det naturleg at nettopp denne saka vart trekt fram frå regionen. Regjeringa satsar på bygdevekstavtalar som verktøy for å skape i kommunar og regionar med svak folketals- og næringsutvikling. Departementet avgjer søknaden før nyttår, og sjølv om ingen av dei tre stortingspolitikarane kunne kome med konkrete lovnader, var dei tydelege på at søknaden frå Setesdal bør liggje godt an til å nå opp i konkurransen med andre regionar og kommunar som har søkt.