I medhald av Plan- og bygningslova (PBL) §12-8 vert det varsla om oppstart av privat detaljreguleringsplan for Stuteliheii, Valle kommune.

I henhold til Plan- og bygningslovens §§ 12-3 og 12-8 meldes det oppstart av detaljregulering for delar av gnr. 68/bnr. 6 i Valle kommune. I henhold til krav i plan‐ bygningslovens kapittel 5, vil det bli lagt opp til medverknad i løpet av planprosessen.

Stutelihei.jpg

Formålet med planen er å leggje til rette for fortetting av hyttefelt med lågstandard hytter. Planen inneheld 13 stk nye tomter som kvar er på ca 1 – 1,5  dekar. Det skal leggjast til rette for etablering av veg inn til tomteområdet og felles parkering eller på eiga tomt. Heile planområdet er på cirka 370 dekar.

I kommuneplan for Valle kommune 2016-2028 sin arealdel er området i sin heilheit avsett til noverande landbruks-, natur- og friluftsformål, spreidd fritidsbusetnad (LNFR), og det er lagt til rette for 13stk nye hytter.

Oppstartsmøte med Valle kommune blei halde 12.mars 2021, og det blei konkludert at kommunen anbefaler oppstart av planarbeid. Tiltaket utløyser ikkje krav om at det skal utarbeidast planprogram, jf. § 8.

 

Samtidig vert det varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale, jfr. Pbl.§ 17-1.

 

Innspel til planarbeidet
Naboar og berørte vert invitert med dette til å kome med innspel til reguleringsplanarbeidet. Det vert lagt opp til ein medverknadsprosess i tråd med krava i plan- og bygningslova.

Spørsmål og eventuelle skriftlege kommentarar, merknader, opplysningar m.v. som kan ha betydning eller interesse for planarbeidet kan sendast innan 20. mai 2021 til: 

 

Prosjekthuset AS v/Tone Straume Wikeland

Mollandsveien 160, 4879 Grimstad

e-post: tone@prosjekthuset.com

Telefon: 98210898

 

Planinitiativ, referat frå oppstartsmøte og oppstartsvarsel er og tilgjengeleg  Prosjekthuset AS si heimeside: www.Prosjekthuset.com