Agder er ein sykkelregion med mange moglegheiter og stadig fleire brukar sykkel som transportmiddel til jobb og skule, idrett, tur og rekreasjon.Sykling er ein velegna og viktig aktivitet i det norske friluftslivet. Vi får gode naturopplevingar og betre helse. Sykkelen gjev større aksjonsradius og dermed tilgong til fleire område for utøving av friluftsliv.

I vår region er det i dag to etablerte nasjonale sykkelruter og mange flotte, lokale tur-trasear som er velegna for sykling. 

Nasjonal sykkelrute nr. 3 går frå Kristiansand til Haukeli. Ruta er marka og opna i 2002. Delar av strekninga følgjer riksveg 9, men sykkelruta følgjer helst parallelle vegar. Ruta passerar flotte natur- og kulturområde, attraksjonar, badeplasser, rastaplasser osv. Fu kan velge å sykle heile strekninga , eller ta dagstur på ein del av ruta. Det vart tidleg på 2000-talet utarbeidd ein guide med kart og informasjon om strekninga Kristiansand - Haukeligrend.

No er denne informasjonen blitt digital og HER kan du sjå kva NASJONAL SYKKELRUTE NR. 3 har å tilby. Strekninga mellom Kristiansand - Hovden og Haukeli har noko å tilby for ein kvar smak. 

 

NASJONAL SYKKELRUTE NR. 1

REGIONALE SYKKERUTER

MIDT-AGDER FRILUFTSRÅD