Norsk Friluftsliv har starta kampanja fordi dei veit at det å kome seg ut i frisk luft dagleg senker stressnivået og gjer at vi alle kjener oss betre. #1omdagen kan gjere koronakvardagen litt betre. Når dei vanlege aktivitetane forsvinn, er det lett og bli passiv innandørs. Med budskapet #1omdagen vil Norsk Friluftsliv inspirere alle til å kome seg ut ein tur kvar dag.
Fordelane ved å kome seg ut i naturen er godt dokumentert. Ein amerikansk studie visar for eksempel at bare 10 minutt ute i naturen kan vere nok til å hjelpe oss å senke skuldrane. Her finn du meir informasjon om kapanjen: #1omdagen
Ein treng ikkje vere spesielt aktiv for å delta. Bare det å ta ein kaffekopp på verandaen i det fri er nok.
#1omdagen kan vere så mangt, alt frå å sette seg på ein benk, til å gå ein tur, eller finne seg ein plass utandørs der du kan nyte ein matbit. Målet er berre at du kjem deg ein tur ut døra.
Tips til måtar å få ein tur ut kvar dag
- Gå ein tur og ring ein ven eller lytt til din favorittpodcast
- Luft hunden din, eller lån ein hund om du ikkje har sjølv
- Ta lunsjen eller middagen ute
- Gå ut og tenn bål med ein nærkontakt
- Gå ein tur med hodelykt
- Finn fram akebrett og leik deg i næraste bakke (dette er mest moro om ein er fleire)
- Nyt morgonkaffen i husveggen eller på ein benk
- Utforsk ein ny veg i nabolaget
- Gå på skøyter
Ynskjer du fleire tips til å finne på ute så sjekk denne linken: TIPS til #1omdagen