Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 02.04.2020 kl. 17.10

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 02.04.202. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn at vi har bestilt smittevernutstyr til å ha på lager som blir levert truleg før påske. Kriseleiinga er i beredskap gjennom påska om det skulle skje endringar.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen gjeld førebels fram til måndag 13.04.2020. Ny oppdatering frå regjeringa er signalisert skal kome 08.04.2020 og vi avventer situasjonen til då.

Fylkesmannen i Agder presiserer at både bubilar og campingvogner er å sjå på som "hytte". Det er difor ikkje høve til å opphalde seg i desse utafor eigen kommunegrense.
Valle kommune oppmodar alle om å repektere dei nasjonale retningslinene!

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Tekniske hjelpemiddel - utlån

Er du funksjonshemma eller har vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel.

Tenesteomtale

Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Kriterium/vilkår

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

Pris for tenesta

Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.

Samarbeidspartnarar

Nav Hjelpemiddelsentral i fylket

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå

Folketrygdloven kap. 10 
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1 og § 3-2 
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 9 og § 22

Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om hjelpemiddelsentralene
Folketrygdloven
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Saksbehandling

Kommunen kartlegg hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.

Saksbehandlingstid

Kommunen / Nav Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 01.03.2018 13:48