Ein trygg skule med godt miljø både for elevar og tilsette er sjølvsagt avgjerande med tanke på å få fram gode resultat. Trivsel og læring går hand i hand, og sjølv om det er mykje fokus på korleis elevane oppfører seg, er det vel så viktig å drøfte vaksne si rolle i det heile. Professor Lund, som også er forfattar og familieterapeut, har lang fartstid i arbeid både opp mot skule og ungdomspsykiatrien, spesielt knytta til born med åtferdsvanskar. Ho har også forska mykje på mobbing i barnehagemiljø.
- Lund heldt eit svært engasjerande foredrag for dei tilsette på skulen i forkant av foreldremøtet. Engasjementet under foreldremøtet stod ikkje tilbake for det me såg under foredraget, seier rektor ved Valle skule, Marit Jaabæk Brokke.
Felles ansvar
Ingrid Lund slo fast at alle vaksne har eit felles ansvar for at alle born har det trygt og godt i skule- og oppvekstmiljøet.
- Me vart utfordra på verdisyn, barnesyn og eigne haldningar. Ho var tydeleg på at der dei vaksne er leiarar, heime, på skulen, i fritidsaktivitetar og liknande, må ein vere tydeleg, ha forventningar og ikkje minst vere raus. Ho peika også på dialog som førebyggjande tiltak, seier Jaabæk Brokke.
Ingrid Lund peika i sitt foredrag på kor viktig det er at ein vågar å snakke om det som er vanskeleg, i familien, med skulen og internt på skulen.
- Gjennom dialog må foreldre, elevar og tilsette involverast for å sikre eit godt samarbeid om borna våre, sa professoren.