Terrenginngrep

Eks. på terrenginngrep:

  • Steinbrot
  • Sprenging
  • Graving
  • Massetak
  • Skjering
  • Fylling
  • Planering av terreng

 

Før du fjerner eller tilfører masse på tomta di må du sjekke reguleringsplan og føresegner.

 

Du kan gjere små endringar utan å søkje.

 

 

Du treng ikkje søkje dersom

Det er mindre fylling og planering, så lenge du fylgjer krava til byggteknisk forskrift.

 

Føresetnad er at høgde forskjellen i forhold til opphavleg terreng er inntil:

 

  • 3 m i spreidtbygd strøk
  • 1,5 m. i tettbygd strøk
  • 0,5 m. på eigedom for rekkje- og kjedehus og liknande med tett bebyggelse.

 

Tiltaket er i utgangspunktet søknadspliktig dersom tiltaket kjem i konflikt med byggjegrense, verknad på naturmiljøet, kulturminner, omsynssoner eller dersom tiltaket er nærare eigedomsgrensa enn 1 m.

 

Sjå rettleiing plan- og bygningslovens sak § 4-1, pkt. c, 6

Tiltaket kan likevel vere søknadspliktig, for eksempel når ei fylling er meget lang eller omfattande.

Du må søkje dersom

  • Terrenginngrepet er nærare enn 1 m. frå grensa.
  • Det vert gjort vesentlege endringar.

 

Kva som er «vesentleg» må vurderast konkret i kvart tilfelle. I vurderinga vert det lagt vekt på terrenginngrepets omfang. Kva som er «vesentleg» må sjåast på over tid: Fleire mindre uvesentlege arbeid over lengre tid, og samla sett kan føre til vesentlege endringar av terrenget.

 

Søknad om vesentleg terrenginngrep må utførast av eit føretak med kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar) Det kan vere ein byggmester, entreprenør eller arkitekt. Alle ansvarsområder må vere ansvarsbelagt.

Ver merksam på

  • Unntak for søknadsplikt gjeld ikkje for dispensasjon
  • Foten av fylling skal liggje 1 m. frå nabogrense.
  • Kommunale vedtekter til plan- og bygningsloven om den ubebygde del av tomta, fellesareal og/eller reguleringsplan som kan sette ytterlegare begrensningar for plassering og storleik på fylling eller planering av terreng.
  • Før oppfylling eller graving bør ein vurdere rasfare og undersøkje om grunnen er godt nok eigna, om den toler belastning av oppfylling og liknande.
  • Du må sørgje for at det ikkje kan bli vannsig, utgliding eller ras inn på naboeigedomar.

 

Eit terrenginngrep som ønskes uført nærare enn 1 meter frå nabogrense krev kommunens godkjenning og er dermed søknadspliktig.

Estetikk

Eit kvart terrenginngrep skal ha god estetisk utforming i samsvar med tiltakets funksjon med respekt for naturgjevne omgivnadar og i forhold til seg sjølv.

Krav til reguleringsplan

Større terrenginngrep som steinbrot, grustak og massemottak kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn og dermed utløyse krav til reguleringsplan etter plan- og bygningslovens § 12-1. Plankravet kan vurderast uavhengig av omfanget på terrenginngrepet dersom konsekvensane for miljø eller samfunn er å anse som store.