Tilskot til lokale historiske ferdselsårer - søknadsfrist 10. mars

Som del av markeringa av Frivillighetens år 2022 har Regjeringa løyvd midlar til ei særskilt satsing retta mot lokale aktørar for å løfte fram det frivillige kulturmiljøarbeidet. 

Fylkeskommunen inviterer med dette frivillige lag og organisasjonar i Agder til å søkje om tilskot til lokalt frivillig arbeid med tilretteleggjing, skjøtsel og formidling av lokale, historiske ferdselsårer, stiar og vegar i 2022.

Fylkeskommunen vil vidaresende innkomne søknader samla til Riksantikvaren, i det vi set som prioritert rekkefølgje. Søknadsfrist til fylkeskommunen er 10. mars.

For meir informasjon og søknadsskjema klikk HER

 

Tilskot til mindre kulturminnetiltak - søknadsfrist 10. februar

Denne fylkeskommunale tilskotsordninga skal bidra til arbeid med tilretteleggjing, formidling og å ta i bruk kulturminner til eit godt formål.

Det er ein klar intensjon med ordninga å stø opp om det viktige arbeidet som skjer i frivillige lag og foreiningar.

For meir informasjon og søknadsskjema klikk HER

 

Tilskot til istandsettjing av verneverdige bygningar og anlegg

Denne fylkeskommunale tilskotsordninga er forankra i Regionplan Agder 2030, og har fokus på at verdiskapinga knytt til kystkultur, kulturarv i indre bygder og trehusbyene skal auke.

Tilskotssposten er først og fremst tiltenkt å dekke meirutgifter som følgje av ei istandsettjing etter antikvariske prinsipp. Slik skal ein større del av vår kulturarv bli godt teke vare på, samtidig som at ein aukar talet på handtverkarar innan tradisjonsfag.

For meir informasjon og søknadsskjema klikk HER